annonse

Mobbeombod-ordning utvida

Mobbeombodet
Mobbeombodet: Mari-Kristine Morberg er mobbeombod i Hordaland (Foto: Atle Kold Hansen)

Mobbeombodet i Hordaland blir utvida til også gjelde barn i barnehage og grunnskule.

Håvard Hammarstrøm

Det melder Hordaland fylkeskommune i ei pressmelding.

Tidleg innsats

Når endringa trer i kraft vil 116.000 barn og unge i Hordaland kunne få hjelp om dei ikkje har det bra i barnehagen eller på skulen. I pressemeldinga står det å lesa at mobbeombodet den første tida vil prioritere barnehagane. Årsaka til det er tal som syner at eitt til to barn i kvar barnehage blir utsette for mobbing. Mobbeombod i Hordaland, Mari-Kristine Morberg, meiner det er viktig å setja inn innsatsen tidleg

– I barnehagen handlar mobbing ofte om ekskludering frå leik. Både dei som blir utsette for krenkingar og dei barna som utset andre for krenkingar må få hjelp og støtte. Det er dei vaksne si oppgåve å sørgje for at barn blir inkluderte i fellesskapet, seier mobbeombod Morberg. Ho peiker på at barn som blir mobba på skulen kan ha blitt mobba sidan dei gjekk i barnehagen.

Tilbyr hjelp

Mobbeombodet er glad for at både skule og barnehage no blir inkludert i ordninga. Det gjer at barn kan få hjelp på eit tidleg stadium.

– Ofte kjem sakene når det har gått lang tid og det er ikkje bra. Eg er glad for denne utvidinga av stillinga for vi veit at det er mange barn i barnehage og i grunnskulen som ikkje har det godt, seier Morberg. Mobbeombodet tilbyr rettleiing om kva rettar barnet har, og korleis ein kan gå fram for å få hjelp i barnehagen, i skulen eller i kommunen. Ombodet vil no arbeide for å gjere utvidinga av ordninga kjent, og presiserer at alle, både barn, unge og vaksne kan ta kontakt om dei har spørsmål om mobbing, tryggleik og trivnad i barnehage eller skule.

– Det er mi erfaring at desto tidlegare ein får grepe inn i ei sak, dess lettare er det å få løyst ho på ein god måte. Alle barn har rett til eit trygt og godt miljø. Det betyr ganske enkelt at alle skal ha det bra i barnehagen eller på skulen, seier Mari-Kristine Morberg.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.