annonse

Mopedtrøbbel i Bømlafjordtunnelen

Politiet på plass
Politiet på plass: Politiet måtte berga ein mopedist i Bømlafjordtunnelen tidlegare i dag. Arkivfoto (Foto: Håvard Hammarstrøm.)

Ein ung mopedførar fekk seint sundag ettermiddag stopp på mopeden sin nede i Bømlafjordtunnelen.

Nils-Tore Sele

Mopedføraren som fekk stopp, var på veg gjennom Bømlafjordtunnelen i sørleg retning mot Sveio. Då mopeden stoppa, fekk politiet melding om hendinga, og mopedisten stilte seg i naudslusa nede i tunnelen, slik at trafikken ikkje vart hindra.

Fartsgrensa gjennom tunnelen vart sett ned fram til mopedisten vart frakta ut av Bømlafjordtunnelen, melder Sør-Vest politidistrikt på twitter.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.