annonse

Moster var solkysten

Smak av sommar
Smak av sommar: Det vart ein smak av sommar i fylket vårt onsdag. (Foto: NILS-TORE SELE/Arkiv)

Vêret på Bømlo er fascinerande. Medan skydekket ligg tungt over store delar av kommunen, hadde Moster sol.

Nils-Tore Sele

Mostringane kan truleg takka Siggjo for at det i dag har vore fint vêr på Mostralandet. Den breie sukkertoppen vår er god å ha når skodda pressar mot land, og gav sol og blå himmel medan det elles i øyriket var grått.

Dette fotoet, teke ved Røyksundkanalen i dag, viser skoddeskyene sin kamp for å sleppa forbi Siggjo.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.