annonse

Mykje folk med fotball i fokus

Musikk og rytmar på opningsshowet
Musikk og rytmar på opningsshowet: Det var god stemning på opningsshowet på torget på Svortland fredag. Det var underhaldingsinnslag av elevar frå kulturskulen. To gutar på 13 år, David Steinsland (t.v.) og Pål Hollund Esperø var konferansierar. (Foto: )
: (Foto: )
Tre mot tre
Tre mot tre: Førsteklassingane spelte tre-arfotball på kampar. BIL hadde i år sett opp eit avgrensa område med «vant» (tilsvarande ishockeygjerde) for dei yngste. (Foto: )
Delte ut fair play-pris
Delte ut fair play-pris: Øyvind Marsteen delte ut pokal til fotballaget Smøråsbygda (G 10) som kom frå Nordås ved Bergen. Dei utmerkte seg med best oppførsel i kampane. (Foto: )
Følgde med frå tribunen
Følgde med frå tribunen: Mange følgde med på cupen frå tribunen, med god utsikt til fleire kampar som føregjekk parallelt. På bane tre til venstre spelte Bjarg Søråshøgda 1 mot Fana Cosmos (G10). Attmed på bane fire spelte FK Bergen NordNord mot Fana Neptun (G11). (Foto: )
«utan mat og drikke...»
«utan mat og drikke...»: Dugnadsgjengen sytte for at fotballspelarar, foreldre og andre fekk kjøpa seg mat og drikke undervegs i cuphelga. (Foto: )
Kampen om ballen
Kampen om ballen: Bremnes Svortland (J12) i ivrig kamp om ballen mot Bønes (blå drakter). (Foto: )

Cupen opna med show på torget fredag ettermiddag og fortsette med to dagar der fotballane rulla og spratt på mange banar på Leite. Mange statuettar vart delte ut, og for første gang vart årets «fair play»-spelarar kåra.

Grethe Kjøsnes

Det vart ein kjekk start på årets fotballcup då born, ungdom og foreldre frå fjern og nær fekk med seg eit flott opningsshow på scenen på torget fredag ettermiddag medan dei kosa seg med mat og drikke. Nokon syntest det var kjekt å dansa til både afrikanske rytmar med Simba og hans gruppe eller frå hans elevar frå kulturskulen.

Ei helg med fotball og kampar i fokus hadde starta. Mange hadde fått overnattingsplassar kringom på skulane eller dei hadde med seg bubil. Ein slik fotballcup blir gjerne ei hending for heile familien. Anten dei reiser på helgetur eller held til her på Bømlo.

Kåra årets «Fairplay»-lag

Laurdag var det klart for dei første kampane fordelt utover på dei ulike banene på Leite. Vêrgudane viste seg frå godsida og det var duka for ei kjekk helg. Dugnadsgjengen var klar med butikk og servering.

Det var ny rekord med påmelde fotballag i år. Bilar stod parkerte frå innkøyrsel til Raunevarden og vidare fram til parkeringsplassen ved Svortland skule, langs vegkantane og ovanfor sjukeheimen i motsett ende av banene.

Mange jamne kampar

– Det har vore veldig mange jamne kampar i løpet av helga. Me har òg fått veldig gode tilbakemeldingar på god oppførsel både på sidelinja og av spelarane, fortalde Tone Stavland, leiar i fotballstyret til Bremnes Idrettslag. Ho fortalde då det nerma seg slutten på cupen om søndagen, at det snart var tid for å kåra årets «Fair play»-fotball lag, etter at dommarar har gått rundt i helga og følgt med undervegs i kampane. Det er første gongen dei deler ut ein slik pris på denne årlege cupen. Det var Øyvind Marsteen som var fairplay-ansvarleg og som delte ut pokalen til G10, Smøråsbygda frå Bergen. Det vart jubel og glede og stolte foreldre som stod klare for å ta bilete.

Fleire får sparka

– Det er 177 lag som deltar i år. Rundt 1200 personar får mat i Bømlohallen og dei har fått overnattingsplass rundt på alle skulane i kommunen, fortalde Stavland.

Nytt i år er det òg at BIL har innført 3-arfotball for førsteklassingane. Det har sine fordelar.

– Då spelar dei tre på kvart lag og får slik lettare kontakt med ballen undervegs i kampen, noko som aukar kjensla av meistring som fersk fotballspelar. Ballen mister dei heller ikkje så lett når dei spelar innanfor eit avgrensa, inngjerda område for seg sjølve på cupen. Det er ikkje så lett for så unge spelarar å finna att ein fotball som triller, sprett av garde og inn på dei andre større spelarane sine baner.

Fleire bergensarar

– Jo, her får dei spela mykje fotball på ein plass, fortalde dagleg leiar Jalle Bråthen.

Han seier at tidlegare spelte førsteklassingane 5-arfotball med fem på kvart lag.

– I år var det over tjue fleire lag påmelde. Dei fleste kom frå bergenskanten og eg trur den aukande deltakinga har med at me tilbyr ei cuphelg med alle banane innanfor eit avgrensa område. Dette gjer det mykje meir praktisk for cupdeltakarane når kampane skal spelast. Ein god del andre stader må spelarane reisa til fleire stader for å spela alle kampane i løpet av ei helg, seier Bråthen. I år har talet på påmelde vorte så stort at det snart nærmar seg «smertegrensa» i forhold til nok baner og overnattingsplassar.

grethe.kjosnes@bomlo-nytt.no


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.