annonse

Nekta å stogge for politiet

KONTROLL
KONTROLL: Politiet hadde promillekontroll på Bømlo i natt. (Foto: Stine R. Rørvik/Akriv)

Ein bilist er mistenkt for ruskøyring etter at han nekta å stogge i ein kontroll natt til fredag.

Håvard Hammarstrøm

Det melder Sør-vest politidistrikt på Twitter. Det var i 01-tida ein bilførar nekta å stogge for kontroll. Politiet fann igjen bilen på Føyno, og mannen politiet mistenker for å ha køyrt bilen vart sidan funnen av hundepatruljen.

– Det er mistanke om ruskøyring. Den mannlege føraren hadde også på seg ein kniv, opplyser politiet. Mannen vart teken med til blodprøvetaking og sett i arresten. Det blir oppretta sak, heiter det.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.