annonse

Nesse Gardslag fekk rydjejobben unna

BJELKAVIK
BJELKAVIK: Ein stad som fortener å bli halden rein. Nesse Gardslag tek ansvar. Ole Johan Nesse og Ingebjørg Onarheim Nesse syt for at neste generasjon òg forstår. (Foto: )
KLARE FOR DUGNAD
KLARE FOR DUGNAD: Det bles kaldt, men enne gjengen stiller likevel på dugnad for nærmiljøet. (Foto: INGVILD SJO)
KLARAR DET SJØLV
KLARAR DET SJØLV: Emil Onarheim Nesse viser at dei små sin innsats tel. (Foto: INGVILD SJO)
DRAUMEDAG FOR PIA
DRAUMEDAG FOR PIA: Endeleg har folk forstått. Å gå til stranda og grava i tare og rusk - DET er livet. (Foto: INGVILD SJO)
VEKK MED DEKK
VEKK MED DEKK: Ole Johan Nesse synest at rydjeaksjonen er eit kjærkome og viktig tiltak for dei som bur og ferdast på Neset. (Foto: INGVILD SJO)
ALT SKAL VEKK
ALT SKAL VEKK: Reidar Nesse med barnebarnet Kaia, og i bakgrunnen Ola Tobias Nesse og Laurits Nesse. (Foto: INGVILD SJO)

37 sekkar fulle av plast og anna bos fekk dei vekk frå nærområdet sitt i helga.

Ingvild Sjo

Rydjegjengen som stilte til felles dugnad på Nesse laurdag føremiddag, var ikkje så stor, men innsatsen var desto betre. Med kald vind i nakken tok gjengen fatt for rydjing av bos i eit ulendt og vått terreng. Å bu så nær havet som dei gjer på Nesse, er ein ubeskriveleg idyll i finvêret, men det hjelper lite dersom området er strødd med plast og anna avfall.

– Det ser ikkje så gale ut her! seier Reidar Nesse når rydjegjengen kjem ned til Bjelkavik. Han har sett det verre. Opp gjennom åra har det til tider komme store mengder bos rekande inn i denne smale vika der blest frå storhavet kan stå rett inn. Ein slak bakke skrår ned mot den steinete stranda og gjer denne staden til ein fin plass å vera på tur for både folk og dyr.

Dei vaksne som er med på rydjeaksjonen er samde i at det har minka på bos som er slengt i naturen her dei siste åra, men det er likevel nok å plukka for å få fylt opp nokre sekkar. Dei går i gang, både store og små.

Bildekk og isopor

To gamle bildekk med felg ligg under ei gran. Ole Johan Nesse røskar dei fram og får dei oppi SIM-sekkar. Dette er målet med Bømlo kommune og SIM sin rydjeaksjon; det skal svara seg å ta det boset som elles ville liggja der år etter år.

SIM lokkar med godtgjersle på 100 kroner per innlevert sekk. Det hjelper godt på økonomien i eit lite lag. Isopor og gamle taurestar fyller òg godt opp. Etter ein liten time i Bjelkavika vert det ein del tunge sekkar som skal berast opp til vegen. Under rydjeaksjonen har SIM plassert rikeleg med konteinarar rundt om. Nesse gardslag må dokumentera at dei har plukka desse sekkane med bos. Det gjer dei med å ta foto og senda det til SIM.

Samlingsstaden

Ein leikeplass midt på garden er folk her sin samlingsstad. Den er eit synleg bevis på at her er det eit aktivt lag som jobbar for nærmiljøet sitt. Ein ny gapahuk er reist, og den er så stor at ein kan ha arrangement der inne.

Simon Nesse Økland er leiar i laget og kan fortelja at pengane som kjem inn under rydjeaksjonen skal gå til nye leikeapparat på samlingsstaden. Området til Nesse Gardslag tel under 100 husstandar, men her er rundt 150 medlemmar frå nyfødd til nær hundre år.

– Me er ganske aktive, seier Økland om laget og nemner tiltak som er på gang: Turløyper, ballbinge, oppgradering av leikeplass, og ikkje minst sikring av veg.

Nesse Gardslag har eksistert sidan 90-talet og gjer det eit gardslag skal: Dra i gang gode ting for sambygdingane. Slik vart Nese Båtlag si båthamn i Tussavikjo ein realitet, og no er det Nesevegen som skal bli tryggare gjennom informasjon til politikarar og oppstart av reguleringsplan.

Løp for livet

Nesse Gardslag er eitt av laga som trufast stiller med deltakarar under Løp for livet. Til helga er dei med der og spring, til støtte for kreftsaka. Elles er Nesse Gardslag gode på midtsommarfest. Då grillar dei, sel graut i gapahuken, og brenn staselege bål. Utan plast.

ingvild@bomlo-ytt.no


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.