annonse

Nesse leiar ny serviceorganisasjon

Service
Service: Glenn Torkelsen, Hans-Petter Nesse og Sven Reinert Svenberg i serviceverkstaden på Rubbestadneset. (Foto: Wärtsilä Norway.)

Administrerande direktør i Wärtsilä Norway, Hans-Petter Nesse, skal frå september leie ein ny nordisk og baltisk serviceorganisasjon i Wärtsilä.

Håvard Hammarstrøm

Nesse får dermed utvida ansvarsområde i det finske industrikonsernet. Han tek til som leiar av serviceorganisasjonen «Service Unit Nordic & Baltic» i september.

Den nye organisasjonen blir sett saman av serviceavdelingar i åtte ulike land; Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Estland, Latvia, Litauen og Island. Organisasjonen skal yta service og vedlikehald av motorar og framdriftssystem levert av Wärtsilä til kundar i alle desse ulike nasjonane.

– Det er åtte serviceorganisasjonar som skal samkøyrast til ein stor organisasjon. Me ventar både synergiar og nye mogelegheiter for den nye serviceorganisasjonen. Til dømes vil oppgradering av framdriftssystem, som det nye hybridsystemet til Eidesvik fartøyet «Viking Princess», bli viktige tenester me kan yta til mange ulike kundegrupper. Eg gler meg til å ta fatt, seier Hans-Petter Nesse. Han kjem til å halda fram i stillinga som Administrerande direktør for Wärtsilä Norway. Den nye organisasjonen Nesse skal leia har 480 tilsette, der 180 av dei har arbeidsplassen sin i Noreg.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.