annonse

Nest varmast i Noreg

8,8 grader
8,8 grader: Slåtterøy fyr vart også i år ein av målestasjonane her i landet med høgast årsmiddeltemperatur. (Foto: Arkiv)

Slåtterøy var nær ved å bli varmaste stad i landet i 2017.

Håvard Hammarstrøm

Før nyttår fortalde Bømlo-nytt at Slåtterøy låg heilt i toppen blant dei meteorologiske målestasjonane som hadde høgast årsmiddeltemperatur i 2017. No er den endelege fasiten klar. Tre målestasjonar enda opp med ein årsmiddeltemperatur på 8,9 grader, nemleg Lindesnes fyr, Kviteseid-Nordbø og Ytterøyane fyr.

Fire målestasjonar vart registrert med 8,8 grader, nemleg Færder fyr, Oksøy fyr, Lista fyr og Slåtterøy fyr. Slåtterøy vart altså ikkje varmast i landet i fjor, men med berre 0,1 grad skilnad kan me seia at Slåtterøy vart nest varmaste stad i landet i 2017, sjølv om målestasjonen lengst nord i kommunen vår kom på delt fjerdeplass på landsbasis.
 

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.