annonse

Nicolai Ynnesdal (15) felte sin første elg

Skaut elgokse
Skaut elgokse: Nicolai Ynnesdal (15) skaut sin første elg i Sverige. (Foto: privat)
Jaktlukke
Jaktlukke: Elgoksen Ynnesdal skaut i samband med jakt i Sverige (Foto: Privat)

15 år gamle Nicolai Ynnesdal er eit stortalent i leirdueskyting. I slutten av september felte han sin første elg.

Håvard Hammarstrøm

Far Jimmy Lungström fortel at Ynnesdal tok jegerprøven i vår. Elgjakta sonen var med på gjekk føre seg i Sverige. Der er aldersgrensa for opplæringsjakt på storvilt 15 år, i motsetnad til i Noreg der aldersgrensa er 16 år.

Spent jeger

Unge Ynnesdal var med i eit reisefølgje med fleire jegerar frå Bømlo. Dei reiste 120 mil til jaktområdet, som ligg om lag sju mil vest for Østersund. Lungström seier sonen naturleg nok var spent der han sat i bilen på veg til Sverige og sin første jakt.

– Området me disponerte var på om lag 42.000 mål. Me budde i enkle hytter, og me laga lunsj på bålet kvar dag. Det vart tid til mange historier rundt bålet, og trivnadsfaktoren var høg. Bra jakt og godt vêr er mirakelmedisin for sjela, fortel Lungström.

Jaktlukke

Med i jaktlaget var i alt 14 jegerar. I tillegg til bømlingane var det fleire barndomsvenner og skulekameratar av Lungström frå jakt- og viltpleieskulen.

I løpet av dei to første dagane vart det felt tre elgar. Høgdepunktet for Nicolai Ynnesdal kom den tredje dagen.

– Han toppa heile turen med å felle sin første elg med ei perfekt plassert kule på om lag 80 meters avstand. Han debuterte like godt med ein flott okse med ei slaktevekt på 272 kilo, fortel Lungström.

Jaktlukke
Jaktlukke: Elgoksen Ynnesdal skaut i samband med jakt i Sverige Foto: Privat

Stor oppleving

Det å felle ein stor elgokse med 12-spirs gevir var ei stor oppleving, ikkje berre for den unge jegeren sjølv, men også for resten av jaktlaget.

– I jeger-Sverige så er det liksom ikkje konfirmasjonen som gjer deg vaksen. Det er når du har skote din første elg, seier ein stolt far til Bømlo-nytt.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.