annonse

Njærheim ordførarkandidat

Ordførarkandidat
Ordførarkandidat: Dersom nominasjonsmøtet i Bømlo Venstre seier seg samd med nominasjonsnemnda blir Anne-Beth Njærheim ordførarkandidat for partiet ved kommunevalet neste år (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Anne-Beth Njærheim ligg an til å kunne bli Bømlo Venstre sin ordførarkandidat.

Håvard Hammarstrøm

Det melder partiet i ei pressemelding. Det er nominasjonsnemnda i partiet som innstiller Njærheim på førsteplass. Njærheim har lang politisk fartstid både frå kommune- og fylkespolitikk.

– Ho vil bli ein ressurs inn i kommunepolitikken. Me er særs glade for at Anne-Beth har takka ja til utfordringa med å stille seg til disposisjon. Det er nominasjonsmøtet som skal gjera det endelege valet, uttaler leiar i nominasjonsnemnda i Bømlo Venstre, Vanja Espeland. Njærheim jobbar til dagleg som folkehelsekoordinator i Bømlo kommune. I helga vart det klart at Njærheim ikkje stiller til val i nye Vestland fylke.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.