annonse

NMEC i vokster

Industriklynga NMEC veks
Industriklynga NMEC veks: Karl Totland (Advision), Tor Heine Østervold og Odd Bjørn Snorrason (Marine Manager), Sverre Olav Svarstad (Bømlo Fiskerihavn), Rune Gåsland (Rubbestadnes vidaregåande skule) og Jan Willy Folgerø-Holm (Veteranlaget Wichmann Wärtsilä) (Foto: NMEC)
Dette er dei nye NMEC-medlemene

Industri- og teknologiklyngja Norwegian Marine & Energy Complex (NMEC) er i vokster og har den siste tida fått sju nye medlemar.

Håvard Hammarstrøm

Dette opplyser NMEC i ei pressemelding. Her går det fram at klyngja i dag tel 13 medlemsverksemder og tre kunnskapspartnarar. Sidan starten i fjor vår er talet på medlemmar nær tredobla. Dei siste som er komne med i klyngja er Ilder AS, Bømlo Fiskerihavn AS, Marine Manager AS, Advision AS, Rubbestadnes vidaregåande skule, Bømlo vidaregåande skule og Veteranlaget Wichmann Wärtsilä.

– Samhandlinga blømer. Dette er inspirerande, uttaler dagleg leiar Nina Ingvaldsen i NMEC i pressemeldinga.

Presentert for kvarandre

Dei nye medlemane presenterte seg nyleg for resten av samarbeidspartnarane.

– Målet med NMEC er å auke den samla konkurransekrafta til medlemmane, og på sikt å bli ei verdsleiande teknologiklyngje innanfor områda maritim, olje og gass, fiskeri og havbruk, forsvar og fornybar energi. Dei nye medlemmane kompletterer NMEC med kompetanse, nytenking og samarbeidsvilje, og me ønsker dei hjarteleg velkomne, seier Ingvaldsen. Utgangspunktet for etableringa av NMEC var å styrka arbeidet som medlemsverksemdene utfører på skip som kjem inn for service og vedlikehaldsoppdrag på Rubbestadneset. På dette området vert samarbeidet stadig tettare og betre, opplyser Ingvaldsen.

Sol- og vindenergi

Eitt døme på resultat så langt er utviklingsprosjektet Salmo Solar, som UNITECH har starta saman med Bremnes Seashore og LOS Elektro. Målet er å utvikle eit flytande oppdrettsanlegg som genererer all energi det treng frå sol, vind og bølgjer. LOS Marine, LOS Elektro, Advision, Wärtsilä og Westcon Olvondo er òg i gang med eit pilotprosjekt der det nye digitale prosjektstyringsverktøyet Marine Manager blir testa på konkrete service- og vedlikehaldsoppdrag. Verktøyet er utvikla i tett samarbeid med Ilder, eit selskap oppretta for å vere ein sterk samarbeidspartnar for realisering av avanserte IT-løysingar for klyngebedriftene i NMEC.

– Det å ha slik solid IT-kompetanse som del av ei industriklynge, er heilt unikt, og vil vera viktig for bedriftene framover i deira arbeid med digitalisering, seier Ingvaldsen.

Storutbygging

NMEC-medlemmar er som kjent også i gang med ny industriutbygging i Rubbestadneset. Planen er at UNITECH sitt nye teknologisenter skal stå klart i 2019. DOCKExpress, eit selskap eigd av LOS-gruppen, har planar klare for ein ny dokk med håp om opning i 2020.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.