annonse

No håpar dei på endå fleire hjartevener

Nei, NO LURTE HAN OSS!
Nei, NO LURTE HAN OSS!: Smilet og låtten sit laust hos Adel og Sultana Khalil under fotograferinga. Dei har fått hjartevener gjennom Hjartevarme på Bømlo. Det same har Kirsti Staveland-Sæter. May Brit Alvsvåg frå Bømlo Frivilligsentral og Marlen Hellen frå Bømlo Vaksenopplæring legg gjerne til rette for at fleire blir hjertevenner. (Foto: NILS-TORE SELE)
HJARTEVARME OG HJARTEROM

I snart tre år har Hjartevarme Bømlo-programmet vore eit omgrep på Bømlo. Ekteparet Khalil frå Syria vonar på fleire hjartevener.

Nils-Tore Sele

Om akkurat ei veke er det stor fest på Røde Kors-huset på Hollund. Bømlo Frivilligsentral har fått ansvaret for Hjartevarme Bømlo-prosjektet, og inviterer til fest for alle frivillige hjartevener pluss dei som kan tenkja seg å bli det.

– Allereie no kan eg seia at det er ein del nye hjartevener på Bømlo som møter kvarandre for første gong denne kvelden, fortel May Brit Alvsvåg frå Bømlo Frivilligsentral.

Fullklaff for hjartevener

– Eg hugsar datoen då me fekk hjartevener her på Bømlo. Det var 19.februar i fjor!

Sultana Khalil smiler breiddt fordi ho ser på denne dagen som ein merkedag for den syriske familien etter at dei kom til øya. Det var starten på noko som har vakse til eit sterkt og godt venskap.

Det å få seg hjartevener på Bømlo viste seg nemleg å verta eit lukketreff for henne og ektemannen Adel Khalil.

Eit eldre, pensjonert ektepar og deira storfamilie har tatt den syriske familien på fire under vengene sine. Det har vore fullklaff på alle plan.

Ein ny familie

– Dette dempar saknet vårt etter familien heime i Syria. Me vaksne ser nesten på dei som reserveforeldre. Barna våre har fått eit par reservebesteforeldre på Bømlo, seier Adel Khalil.

Han og Sultana er foreldre til fire barn. Den minste eitt år gammal, den eldste går ut av ungdomsskulen til sommaren. Dei har to gutar og to jenter. For åtte månader sidan flytta dei til Rubbestadneset, der dei også har fått gode kontaktar i nærmiljøet.

– Me er saman med hjartevenene våre fleire gongar for veka og besøkjer kvarandre. Me reiser til dei og dei kjem til Rubbestadneset. For oss har venskapet med dei vore til uvurderleg hjelp, fortel Sultana.

– Me har hatt mange kjekke aktivitetar saman. Me har gått turar i lag, drege på fisketur og fått vore saman med dei både i helgar og under høgtider, seier ho om hjartevenene sine.

Håpar på fleire

– No vonar me at Hjartevarme Bømlo-prosjektet veks endå meir, slik at fleire av venene våre frå vaksenopplæringa får seg hjartevener. Det håpar me vil skje i samband med festen i neste veke, seier Adel Khalil.

Hjartevarme Bømlo-prosjektet har til hausten eksistert i tre år. Det hadde sitt utspring hos vaksenopplæringa på Bømlo, då den gongen lærar der, Stina Raknes, tok initiativ til oppstarten. No har Bømlo Frivilligsentral overteke ansvaret for prosjektet.

– Til no er det etablert eit 20-tals hjartevarme-venskap, seier Marlen Hellen frå vaksenopplæringa og Alvsvåg frå frivilligsentralen.

Då Flyktningguideprosjektet vart avslutta for nokre år sidan på Bømlo, oppstod det eit tomrom. Hjartevarme vart etablert som eit frivillig alternativ, for å letta integreringsarbeidet.

Ville bli kjend med andre

Ei av dei som snøgt bestemte seg for å bli hjartevener, var Kirsti Staveland-Sæter og mannen hennar.

– Me las om tiltaket i Bømlo-nytt. Me har alltid likt å bli kjende med menneske frå andre land og kulturar, så det bestemte me oss for, fortel Staveland-Sæther.

Dei vart hjartevener med ein småbarnsfamilie frå Eritrea. Kvar familie har ei jente som er like gamle. Det gjorde at kontakten vart oppretta fort. Familiane møtest så ofte dei får sjansen til det, og er blitt delar av kvarandre sitt nettverk.

Den eritreiske familien har vore med på samankomstar i familien Staveland-Sæter, og dei har fått vore med på dåpar og brullaup hos den eritreiske familien.

– Dette har vore utruleg kjekt! meiner Staveland-Sæter, som no sjølv arbeider ved vaksenopplæringa på Svortland.

Eit viktig prosjekt

– Me ser at å få hjartevener har vore veldig bra for fleire av elevane våre ved vaksenopplæringa. Adel og Sultana er eit veldig godt døme på dette, men også fleire andre har knytta sterke band til sine hjartevener, fortel Marlen Hellen.

– Det er gull verd for elevane å få kontaktar elles i lokalsamfunnet. Det er gunstig for å læra språket og det gjev også god lærdom om det norske samfunnet, ved at venene frå Bømlo kan fortelja dei at slik er det her. Dei er difor heldige dei av elevane våre som har fått seg hjartevener, meiner Hellen.

– Det kan me skriva under på, seier ekteparet Khalil.

– Våre hjartevener er gode menneske, som gjev oss god hjelp og som har teke godt mot barna våre.

– Opplegget med hjarteven er veldig fint. Me har vore veldig heldige, meiner Sultana.

Trivest i Rubbestadneset

– Korleis trivest de i Rubbestadneset, då?

– Der har me det fint. Me har blitt kjende med mange i Rubbestadneset. Barna våre stortrivest også. Før budde me i sentrum på Svortland, men det vart for mykje trafikk og bråk. På rubbestadneset er det både betre og rolegare, fortel ekteparet Khalil.

– Det går greitt for oss å bu der. Eg køyrer bil, fortel Adel.

– Ja, men snart er han ikkje den einaste som gjer det! fortel Sultana.

Ho er godt i gang med trafikkopplæring, og hjarteven-opplegget har også vore gunstig der.

– Dei har teke meg med på lærekøyring. Det er berre heilt fantastisk! seier Sultana.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.