annonse

No kjem bøsseberarane

Viktig innsats
Viktig innsats: Tina Ellingsen Næsse, Anna Østensen Kalve, og Johanne Mæland går no med bøsser til inntekt for kreftsaka i Rubbestadneset. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Bøsseutdeling
Bøsseutdeling: Styreleiar i Løp for livet-kommitéen, Magnus Selle, fortel at bøsseberarane får utdelt bøsser, kart som syner kva område bøsseberarane skal gå og legitimasjon. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Årets Krafttak mot kreft er i gang. Om lag 100 bøsseberarar ringer og bankar på dører over heile Bømlo.

Håvard Hammarstrøm

– Me har sortert bøsser og fordelt rutene dei skal gå. No held me på med å dele ut bøssene. Dei som skal gå får kart, bøsser, legitimasjon og litt informasjon om kva dei går for, årets tema, og eit par tips, seier styreleiar i Løp for livet, Magnus Selle. Pengane som blir samla inn i samband med årets aksjon går til inntekt for forsking på kreftformer som få overlever, forklarer han.

– Kva tid starta de utdeling av bøsser?

– Me byrja klokka 14, og så skal alle bøssene vera tilbake klokka 18. Så dei har om lag fire timar på seg.

– Og då kjem dei hit frå heile Bømlo?

– Ja, frå Moster og Langevåg og heile Bømlo elles. Me er om lag 100 bøsseberarar. Me dekker det aller meste av Bømlo, men me når ikkje over alle hus der det er spreidd busetnad.

– Og dei som ikkje får bøsseberar på vitjing?

– Dei kan vipsa 86845 som er Løp for livet sitt nummer. Det er berre å vipsa i veg.

På veg til Rubbestadneset

Tina Ellingsen Næsse, Anna Østensen Kalve og Johanne Mæland er blant årets russ som no går med bøsser. Dei tre er heimehøyrande i Rubbestadneset og skal gå med bøsser der.

– Det står onkel på ein lapp på jakka di Johanne. Kvifor det?

– Onkelen min fekk føflekkreft, så eg går for han i dag. Han er frisk no, svarer ho.

– Og på lappen din Anna står det bestefar?

– Ja, bestefar min døydde av kreft, svarer ho.

– Og på deg Tina står det Morgan?

– Ja, det var faren til ein i klassen min på barneskulen. Det var veldig trist og noko som traff mange i klassen vår, seier ho.

– Kva tyder for dykk å vera med på denne innsamlingsaksjonen?

– Det er veldig viktig at folk er med og deltek, svarer Tina.

– Ja, det er mange som får kreft og blir råka av dette, seier Anna.

– Dette er ei spesielt viktig sak i år sidan me går for mange av dei som ikkje har ein sjanse til å overleve. For oss er det veldig viktig, seier Johanne.

Les meir om årets innsamlingsaksjon her

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.