annonse

Nokon har øydelagt dekk på 15 bilar

PUNKTERTE BILAR:
PUNKTERTE BILAR: På denne parkeringsplassen ved den eldste delen av Helsetunet-bygget, vart det gjort dekkskadeverk på 15 bilar natt til tysdag. (Foto: Stine R. Rørvik)
FLATT DEKK:
FLATT DEKK: Dette synet møtte mange bileigarar på Svortland tysdag morgon. Dekk på 15 bilar er blitt øydelagde. (FOTO: Politiet)
KNIV:
KNIV: På dette fotoet ser ein stikkmerka der dekka er blitt øydelagde. Politiet meiner at kniv er blitt brukt. (Foto: Politiet)

Minst 15 bilar har fått flate dekk på Svortland natt til tysdag. Politiet er i gang med å etterforska saka.

Nils-Tore Sele

Minst 15 bilar som stod parkerte i Svortland sentrum natt til tysdag, har fått dekka øydelagde. Bilane har stått parkerte i området ved Helsetunet/den tidlegare sjukeheimen på Svortland. Dei første meldingane inn til politiet tydde på at skarp gjenstand er blitt brukt for å få lufta ut av dekka. Meldingane om skadeverket kom inn til politiet i 0830-tida på tysdag, melder Sør-Vest politidistrikt på twitter.

Lensmann Roald Raunholm seier til Bladet Sunnhordland at politipatrulje skal sendast til Bømlo for å ta seg av sakene.

– Det er framleis uklart kor mange bilar som er skadde, og korleis dette har skjedd. Men det kan tyda på at skarp gjenstand har blitt brukt, seier lensmann Roald Raunholm på Stord til nettstaden.

Seinare i dag fortel etterforskingsleiar Nils Blikra ved Stord lensmannskontor til Bømlo-nytt at politiet går ut frå at skadeverket på bildekka er utført med kniv.

- Me får inn opplysningar om saka fortløpande frå publikum. No er etterforskinga i full gang, og me er i ferd med å samla trådane. Me er takksame for endå fleire tips i saka, fortel Blikra.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.