annonse

Nokon har øydelagt julelys på Moster

SKRUDD UT
SKRUDD UT: Nokon har også teke seg bryet med å fjerna lyspærer frå juletreet i nærleiken av Moster Gamle Kyrkje. (Foto: MARIANN G. SAGVAAG)
MOSTER
MOSTER: Det er litt av eit syn når vegen gjennom sentrum av Moster er lyssett før jul. No har nokon bestemt seg for å få det litt mørkare. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)

Det er gjort hærverk langs julegata på Moster. Leiaren i grendautvalet er rasande.

Nils-Tore Sele

– Det er veldig trist for Moster at det er gjort hærverk på julegata på Svendsamyra og på juletreet som me er så stolte av, seier Gerd Nancy Notland, leiar i Moster grendautval til Bømlo-nytt.

Ho fortel at lysa på trea på Svendsamyra, langs vegen gjennom sentrum av bygda, er øydelagde og raserte. Hærverket vart oppdaga på torsdag, og Notland var ikkje sein om å leggja ut melding om kva som hadde skjedd på facebook-sida til grendautvalet.

– Lysa på trea får me nok ikkje på plass igjen i år, seier ei skuffa Notland.

Ho opplyser vidare at det var óg skrudd ut lyspærer på det fine juletreet som står ikkje langt frå Gamle Moster kyrkje.

– Julearrangementet som me har på Moster blir lagt merke til på ein positiv måte rundtom. Arrangementet og alt rundt det, er resultat av mykje godt dugnadsarbeid frå bygdefolk, Moster skulekorps/Moster drill, næringsliv, kyrkja, Moster Amfi og Moster Grendalag, ramsar Notland opp. At nokon øydelegg og gjer hærverk råkar på mange vis.

– Dette har óg ei økonomisk side for eit grendalag med stram økonomi. Dersom ein finn ut kven som har så ynkeleg framferd at dei gjer slikt, bør det få konsekvensar! meiner Notland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.