annonse

NordRen skal hente boset

Ny kontrakt
Ny kontrakt: Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) har skrive kontrakt med NordRen om innsamling av hushaldsavfall. Kontrakten varer i seks år, med opsjon på inntil tre år. På biletet ser me dagleg leiar i SIM, Terje Gilje (til høgre), og dagleg leiar i NordRen, Svein Sørensen. Pressefoto.

Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) har skrive kontrakt med selskapet NordRen AS om innsamling av hushaldsavfallet i Sunnhordland. Kontrakten blir starta opp i april neste år.

Håvard Hammarstrøm

I pressemeldinga frå SIM står det å lesa at tysdag 4. juli blir sett på som ein merkedag for SIM. Kontrakten mellom SIM og NordRen har ein verdi på om lag 20 millionar kroner i året. Kontrakten som no er underteikna varer i seks år. I tillegg ligg det inne opsjonar på forlenging med eitt år om gangen i inntil tre år.

Nøgd Gilje

Terje Gilje er dagleg leiar i SIM. Han er glad for at avtala no er underteikna.

– Me er svært nøgde med avtala me no inngår og selskapet som skal hente hushaldsavfallet hos innbyggjarane i SIM-området dei neste seks åra, seier han. Dagleg leiar Svein Sørensen i NordRen ser på sin side fram til å starte opp innhenting av avfall hos kundane i SIM-området.

– Dette er den første kontrakten vår på Vestlandet, og for oss er dette ein viktig kontrakt som me skal gjera vårt beste for å gjennomføre på ein god måte, seier Sørensen i pressemeldinga.

Fire anbod

SIM lyste ut anbodskonkurransen for innhenting av hushaldsavfall i mars månad. Det kom inn fire tilbod. NordRen som vann anbodet har lang røynsle frå renovasjonsbransjen, og dette er hovudvirket til selskapet. Selskapet har base i Sørum i Akershus, og har liknande kontraktar for Rygge, Vestby, Våler og Nes kommunar, I tillegg er selskapet i startgropa i Agder. Der blir det starta opp kontraktar med FolloRen.

Endra innsamlingsordning

Publikum vil merke at SIM no får ein ny underleverandør. Innsamlingsordninga blir endra frå april 2018. Frå då av vil alle få tilbod om henting av restavfall to gongar i månaden. I tillegg blir det henting av plastemballasje.

– Årsaka til at me ikkje har innført dette tidlegare er at det ville ført med seg for store kostnadar sett opp mot gevinsten. Difor var det naturleg å vente til ny kontrakt skulle lysast ut, seier Gilje i pressemeldinga.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.