annonse

Ny Eidesvik-hybrid

Klar til nyttår
Klar til nyttår: «Seven Viking» får montert batteripakke om bord i løpet av hausten (Foto: Egil Eide)
Glad kaptein
Glad kaptein: Børre Lindanger på «Seven Viking» (Foto: Eidesvik)
Lodden og Hjelland
Lodden og Hjelland: Viseadm.dir. Jan Lodden og visepresident for teknologi og utvikling Vermund Hjelland (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Eidesvik Offshore får montert batteripakke om bord på sitt femte skip på fem år. – Me kjem til å spare 750.000 liter diesel i året.

Håvard Hammarstrøm

– Det er ein omfattande installasjon, med dobbel batterikapasitet i høve til tidlegare installasjonar, og stor reduksjon av utslepp, seier direktør for teknologi og utvikling i Eidesvik Offshore, Vermund Hjelland. Kostnaden er venta å bli om lag 38 millionar kroner. ENOVA støttar prosjektet med 15 millionar kroner.

Verdsleiande

Den nye batteripakka skal monterast om bord og testast i løpet av hausten, slik at skipet er klart til å gå inn på kontrakt for Statoil ved nyttår. Dette er altså det femte skipet Eidesvik Offshore byggjer om til hybrid, men «Seven Viking» får nokre teknologiske nyvinningar i høve dei førre skipa. Mellom anna kjem det eit nytt tavlesystem som styrer energiforsyninga når skipet ligg ute på feltet, på dynamisk posisjonering (DP). I tillegg blir det tilrettelagd for landstraum på lik linje med «Viking Energy», og det blir laga system som gjer det mogeleg å fjernstyre mini-undervassbåtar (ROV) frå land.

Hjelland seier Eidesvik Offshore her syner at selskapet held fram som spydspiss og verdsleiande i satsing på miljøteknologi offshore

600 tonn drivstoff

«Seven Viking» er eit skip for undervassoperasjonar offshore, og er eigd av Eidesvik Offshore og Subsea 7 i eit joint venture-selskap, Eidesvik Seven Chartering AS. I førre veke vart det kjent at skipet har fått forlengja kontrakten sin til minst ut 2025. Viseadministrerande direktør Jan Lodden seier det er ekstra gledeleg å få ein slik langsiktig kontrakt innanfor subsea.

– Spisskompetansen vår på batterisystem og energieffektivisering er nok ei viktig årsak til at me har vunne denne kontrakten, seier Lodden. Drivstofforbruket blir kraftig redusert.

– På «Seven Viking kjem me til å redusere forbruket med 600 tonn drivstoff årleg, eller om lag 750.000 liter diesel, seier Hjelland.

Glad kaptein og tillitsvald

Kaptein om bord er Børre Lindanger, som også er hovudtillitsvald i Norsk sjøoffisersforbund. Han fortel om god stemning då forlenginga av kontrakten vart kjent.

– For oss 70 som jobbar om bord ser det no lysare ut med ein langsiktig kontrakt. Det gir ei god kjensle. Båten har godt rykte, og det er kjempegledeleg at me får ei slik anerkjenning. Me smiler frå øyre til øyre.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.