annonse

Ny film er viktig for fiskerihamna

VIKTIG VERKTY
VIKTIG VERKTY: Kjetil Tufteland synest at filmen om fiskerihamna blir viktig i informasjonsarbeidet framover. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)
FORSKOTTERING ELLER STATSBUDSJETT
FORSKOTTERING ELLER STATSBUDSJETT: Fotoet viser området kor fiskerihamna skal byggjast. Fiskeridepartementet kjem snart med melding om det blir fiskerihamnforskotteringa i første runde. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)

Denne hausten er viktig for prosjektet med bygging av fiskerihamn i Langevåg. Ein ny film skal skapa blest om prosjektet.

Nils-Tore Sele

– Filmen er viktig på fleire vis. Det er eit nyttig verkty med tanke på lobbyverksemd overfor politikarar og styresmakter. Det andre er at filmen gjev god informasjon til investorar om dei kommersielle moglegheitene prosjektet gjev. Det er mykje spennande som rører seg innan næringa. To døme er landbasert oppdrett og nye transportformer for frakt av fisk, seier Kjetil Tuftland, styreleiar for Bømlo Fiskerihamn.

Viser fordelane

Filmen blir no brukt for alt han er verd for å visa prosjektet, slik at ein skaffar finansieringa som trengst og viser potensialet som ligg i fiskerihamna.

– Ein ting er den store moloen som skal byggjast. Filmen viser det store bakområdet som kjem, og moglegheitene for satsing på og utvikling av næringsverksemd der, seier Tufteland.

Skal snakka med statsministeren

Styreleiaren er oppteken av å få fiskerihamna i hamn, slik han uttrykkjer det sjølv.

På måndag vitjar statsminister Erna Solberg Espevær og Bømlo. Då vil fiskerihamnforkjemparane vera til stades for å snakka prosjektet si sak.

– Viser de filmen til statsministeren?

– Om tida tillet det, men slik me forstår premissane er det ikkje sikkert at det blir høve til det. Det er uansett viktig å møta statsministeren og få fortelja henne om fiskerihamna, seier Tufteland.

Viktig haust

Styreleiaren opplyser at denne hausten vert avgjerande for kva som kjem til å skje med fiskerihamnprosjektet.

– Me er lova ei tilbakemelding frå fiskeridepartementet i haust om fiskerihamna kjem med i første forskotteringsrunde for molobygginga. Ei avklaring kring dette kan komma kva tid som helst no. Me set også innsatsen inn mot å få med prosjektet i statsbudsjettet i haust. Greier me det, er det ikkje trong for forskottering lenger. Her gjev me full gass, framheld Tufteland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.