annonse

Ny hordalandsrekord i vegopningar på Bømlo

STOR SPENNING
STOR SPENNING: Barnehagebarn frå Moster var med å skjera av snora då nye Røyksund bru langs fv 542 mot Moster vart opna i dag. Ordførar Odd Harald Hovland, fylkeskommunal utvalsleiar Jon Askeland og regionvegsjef Helge Eidsnes «hjelpte til». (Foto: NILS-TORE SELE)
HØGTID
HØGTID: All grunn til å feira fem vegopningar på Bømlo i dag. Stor dag for små bømlingar som snart blir store, for heimkommunen deira og for vegeigaren Hordaland fylkeskommune. (Foto: NILS-TORE SELE)
– EIN STOR DAG
– EIN STOR DAG: Knut Hegle jobba i årevis i vegvesenet. Pensjonisten er stålande nøgd med nye fv 541 forbi heimbygda. Opninga gjekk føre seg ved det nye krysset i nord til Vika. (Foto: NILS-TORE SELE)
STORT SMIL PÅ ROLVSNES
STORT SMIL PÅ ROLVSNES: Inge Reidar Kallevåg, fylkespolitikar for Høgre og tidlegare ordførar på Bømlo, av mange kalla Bømlopakken sin far, var i godt humør under vegopninga i heimbygda si. (Foto: NILS-TORE SELE)
IKKJE FERDIG
IKKJE FERDIG: Det var vegopning på Rolvsnes i går, for uferdig utbetra fylkesveg 19. Lang, hard vinter gjer at asfalteringa ikkje startar før i morgon, dagen etter opninga. (Foto: )
MIDDAG
MIDDAG: Vegopningane på Bømlo vart formelt avslutta med ein middag på hotellet i Rubbestadneset. Jon Askeland, Hordaland fylkeskommune, ordførar Odd Harald Hovland og regionvegsjef Helge Eidsnes var i godlune etter ein lang dag på veg kringom på Bømlo. (Foto: NILS-TORE SELE)

Fem fylkesvegprosjekt med ein kostnad på nesten 300 millionar kroner vart opna på Bømlo onsdag. Ein stor dag både for kommunen og fylkeskommunen, viste det seg.

Nils-Tore Sele

– Dette er eineståande. Eg har aldri hatt ein slik dag på jobben før. Dette er første gong at eg er med på fem vegopningar på ein dag. No har me drive på i fem timar, og me har opna ein veg i timen her på Bømlo i dag!

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen, hadde det kjekt på Bømlo onsdag denne veka.

Det same hadde leiar i det fylkeskommunale samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland.

– Veit de, sa Askeland under alle fem vegopningane på Bømlo i dag, – me set ny hordalandsrekord i vegopningar i dag. Det har aldri blitt opna fem vegar i ein kommune på ein dag før, og det skjer her på Bømlo!

– Ein stor dag

Den store vegopningsdagen på Bømlo denne onsdagen, starta først i Røyksund, klokka 10.05 på føremiddagen.

Då vart nye Røyksund bru opna, eit vegprosjekt med ein kostnad, alt medrekna, til 31,2 millionar kroner. Reknar ein med ny fv 542 mellom Eikeland og Røyksund som opna i 2014, kjem 30,4 millionar kroner i tillegg. No står det att å byggja ny veg gjennom Moster sentrum langs fv 542, så er hovudvegen austover på øya ferdig.

Sidan gjekk det slag i slag.

På Vika gjekk det føre seg to vegopningar. Både for prosjektet Grutle-Tjongkrysset langs fv 541 og det nye Tjongkrysset-Løvegapet langs same fylkesveg.

Som på Moster var det godt frammøte av folk, og barnehagebarn assisterte Askeland og Eidsnes og ikkje minst ordførar Odd Harald Hovland då snorene skulle skjerast av. Barn tok del i det seremonielle ved alle opningane i dag.

Desse vegprosjekta på fv 541 har ein kostnad på 161 og 65 millionar kroner.

Ein av dei som var tilskodar, var Knut Hegle, som arbeidde mange år i vegvesenet før han gjekk av for aldersgrensa.

– Ein stor dag og ein veldig flott veg, seier Hegle til Bømlo-nytt.

Viktige vegar

Det fjerde vegprosjektet som vart opna, no på Søre Svortland langs fylkesveg 23, er eit trafikksikringsprosjekt utanom Bømlopakken. 450 meter med veg og fortau er blitt bygd og opprusta.

Her er prislappen 9 millionar kroner.

– Dette er eit sterkt etterlengta vegutbetringsprosjekt som det faktisk har vore snakka lenger om å få i gang enn Bømlopakken, uttalte ordfør Odd Harald Hovland under opninga som gjekk føre seg i Tverråno.

På Rolvsnes, langs fylkesveg 19, har det skjedd punktvis utbetring og utviding langs vegen frå krysset til Aga og nordover. Opninga ved grendahuset skjedde før vegen er ferdig asfaltert.

Regionvegsjefen orsaka dette, men ingen kan råda med ein hard vinter som gjer at asfalteringa vart seinka, understreka han.

Kostnaden for dette bømlapakkeprosjektet er 18 millionar kroner, medrekna to millionar kroner i investeringsmidlar frå fylkeskommunen.

– Dette er ein stor dag for heimbygda, og snart kjem asfalten, så dette er bra, sa tidlegare ordførar Inge Reidar Kallevåg til Bømlo-nytt under opninga.

Den offisielle delen av maratonopninga på Bømlo, vart avslutta med middag for inviterte gjester ved Bømlo Hotell ettermiddag og kveld.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.