annonse

Ny hybrid frå Wärtsilä

North Sea Giant
North Sea Giant: Dette skipet blir det første av type DP3 som får hybridsystemet til Wärtsilä montert om bord. Skipet er eigd av Austevoll-reiarlaget North Sea Shipping AS (Foto: North Sea Shipping)

«North Sea Giant» blir det største skipet i sitt slag med batteri og hybrid framdrift.

Håvard Hammarstrøm

Dette opplyser Wärtsilä Services i ei pressemelding. Skipet til Austevoll-reiarlaget North Sea Shipping er eitt av verdas største og mest avanserte konstruksjonsskip for undervassarbeid. No vil altså «North Sea Giant» bli utstyrt med nytt energilagringssystem frå Wärtsilä som sikrar hybrid framdrift.

Landstraum

I tillegg til hybridsystemet med batteri, inkluderer leveransen frå Wärtsilä transformatorar, filtre, tavler, utstyr for tilkopling til landstraum, og oppgradering av eksisterande komponentar. Wärtsilä skal også stå for oppstart og igangkøyring av systemet. Kontrakten mellom Wärtsilä og North Sea Shipping skal ha blitt underteikna i august. Verdien på kontrakten går ikkje fram av pressemeldinga.

Reduserer utslepp

Hybridløysinga til Wärtsilä gjer at klimautslepp frå skipet blir betydeleg reduserte. Samstundes skal effektiviteten bli betre. Ikkje minst gjeld dette når skipet nyttar dynamisk posisjonering, og hybridsystemet kan stå for naudsynt reservekraft. På toppen av dette sparer reiarlaget drivstoffutgifter.

– Den estimerte utsleppsreduksjonen er 5,5 millionar kg CO2, 30 tonn NOx og 1.200 kg Sox per år. Etter at Wärtsilä i 2014 utførte ein ettermontering på «Atlantic Guardian», eit anna av våre skip, forstod me verkeleg kor mykje brensel som kan sparast ved å forbetra fartøyet sin effektivitet. Effektivitet sparer også tid, sidan du berre treng å fylla drivstoff under kvart andre eller tredje besøk i hamn, uttaler Hallvard Klepsvik, administrerande direktør i North Sea Shipping, i pressemeldinga.

Banebrytande

«North Sea Giant» er eit såkalla DP3-fartøy, og dette er første gongen eit skip i denne klassen får denne type energilagring om bord. Frå Wärtsilä og reiarlaget er det difor viktig å gjennomføre montering av hybridsystemet i tett samarbeid med klasseselskapet DNV-GL. North Sea Shipping AS med base i Austevoll eig og opererer avanserte offshorefartøy verda rundt.

– Wärtsilä har opparbeidd seg høg kompetanse på hybridprosjekt for mange ulike fartøytypar, og har eit nært forhold til kundane. Dette gjev oss i stand til å testa ny teknologi på mange ulike typar skip. Me er dei første i verda som arbeider med hybridsystem på større fartøy som DP3-klassifiserte «North Sea Giant», og dette prosjektet vil setta ein ny standard for denne typen fartøy, seier Cato Esperø, salsdirektør i Wärtsilä i Noreg.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.