annonse

Ny inn­sam­lings­re­kord for Mos­ter sku­le

I full sving
I full sving: Emil Haa­land, Ai­lin Sø­ren­sen og Van­ja Nes Grøn­ås, var i full sving un­der ak­sjons­da­gen på Mos­ter. Dei sel­de mat og sleiver som dei had­de laga sjølv. (Foto: Sti­ne R. Rør­vik)
Sal
Sal: My­kje av pen­ga­ne sku­len får inne kjem gjennom sal av mat og ka­ker. Yvon­ne sel­de kaker til den sto­re gullmedaljen. – Vel­dig gøy at eg får vera med her, for­tel Yvon­ne. (Foto: )
Hel­lo Kit­ty
Hel­lo Kit­ty: Ben­ja­min Eke­berg, had­de blant anna an­svar for svampekas­ting. For anledninga had­de han fått Hel­lo Kit­ty måla i ansiktet. (Foto: )

Med sir­ka 95 000 kroner i inn­sam­lings­kas­sa vart det sett inn­sam­lings­- re­kord under aksjonsdagen for TV-aksjonen, an­dre året på rad.

  • Stine R. Rørvik

En­de­leg var det duka for årets ak­sjons­dag på Mos­ter sku­le. Som dei fles­te an­dre år var sku­len fyllt opp med snil­le folk som støt­ta raust opp ­un­der årets TV-ak­sjon.

I år blir det sam­la inn pen­gar til UNICEF og dei­ra ar­beid med å gje born som le­ver i krig og kon­flikt, ei ut­dan­ning.

Open et­ter­mid­dag

Klas­se­rom­ma var for­vand­la til ka­f­ear, sals­b­uer og ak­ti­vi­tets­rom. Det vart selt haugevis med ka­ker, pøl­ser, lap­par og vaf­lar.

Pop­korn, lef­ser og for­mings­pro­dukt som ele­va­ne had­de laga sjølv. Fug­le­mat, kjeks på glas, gele og bol­lar.

Den nye fø­re­stil­lin­ga «Stay Tuned» spel­te for full sal beg­ge gon­gene ho vart vist og var ein stor suk­sess.

Un­der fram­sy­nin­ga fekk me sjå inn­slag frå dra­ma­grup­pa, det var dans og song. John Len­non`s «Imagi­ne», og Pink Floyd – «Anoth­er Brick In The Wall» var blant no­kre av songane­ som vart framførte.

Nøgd

Rek­tor Me­re­te Jo­han­ne Fjell­heim er glad og stolt over inn­sat­sen ele­var og læ­rar har lagt ned.

– Me er vel­dig nøgde med opp­mø­tet og vil tak­ka alle som kom. Alle bi­drags­yt­a­rar, og dei som har spon­sa oss med ge­vins­tar. Be­drif­ter og pri­vat­per­so­nar, sei­er ho.

I til­legg til aksjons­da­gen har sku­len hatt pan­te­ak­sjon der dei fekk inn 13.100 kroner.

– Det har vore ei god ak­ti­vi­tets­ve­ke, og no kan ele­var og læ­ra­rar ta haust­fe­rie med godt sam­vit, sei­er rek­to­ren.

Flin­ke

Ele­va­ne gjor­de ein heilt for­mi­da­bel jobb. Dei har i år som i fjor, fått vel­ja kva an­svars­om­rå­de dei ønskjer å hjel­pe til med, og har føre­budd seg ut ifrå det.

Det var mange uli­ke ak­ti­vi­tets­grup­per dei kun­ne vel­je. Dan­se­grup­pe, kjø­ken­grup­pe, PR-grup­pe, for­mings­grup­pe, dra­ma­grup­pe, mu­sikk­grup­pe, for å nem­na no­kon.

Ai­linn Sø­ren­sen stod blant anna for pop­kor­net som vart selt.

– Me har laga 320 po­sar med pop­korn og poppa 100 pak­kar, sei­er ho og ler.

Ven­nin­na Van­ja Nes Grøn­ås står ved si­da av Alin og for­tel at ak­sjons­da­gen har vore stor stas.

– Den­ne da­gen er vel­dig kjekk, for­tel Van­ja.

– Og så får me eta kaka og pop­korn, skyt Ai­linn inn mens ho ser lurt på ven­nin­na, Van­ja. Beg­ge ler.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.