annonse

Ny læreplassrekord

LOS-verksemdene satsar på lærlingar. Her er åtte bømlingar og to bergensarar som fekk læreplass hos LOS i fjor. Med på biletet er i tilfeldig rekkefølgje
Lærlingar hos LOS: Martin Stokka (elektro), David Valde (elektro), Alfred Vik (elektro), Jørgen Kallevåg (elektro), Njål Kristensen (sveis), Erik Habbestad (sveis), Johannes Sørensen (elektro), Andreas Pedersen (elektro), Robert Dale (automatikar) og Christian Flesland (elektro). (Foto: Arkiv/Stine R. Rørvik)
Nøgd minister
Nøgd minister: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er svært godt nøgd med utviklinga i Hordaland. Her frå statsrådsvitjinga på den vidaregåande skulen som vart kåra til den beste i landet i fjor (Foto: Arkiv/Håvard Hammarstrøm)

2.154 yrkesfagelevar fekk læreplass i Hordaland i fjor. Det er ny rekord.

Håvard Hammarstrøm

Utdanningsdirektoratet starta i 2011 med målingar som synte kor mange yrkesfagelevar som har fått læreplass. Dei ferske tala frå 2017 syner altså at 2.154 yrkesfagelevar i vårt fylke fekk læreplass i fjor. Det er det høgste talet sidan registreringane starta.

Under landssnittet

Sjølv om det vart sett ny rekord i Hordaland i 2017 ligg fylket under landsgjennomsnittet når det gjeld prosentdel av elevane som får læreplass. På landsbasis fekk 72 prosent av yrkesfagelevane læreplass i 2017. Det er også ny rekord. Prosentdelen som fekk læreplass i Hordaland vart 71. Det er eit stykke opp til grannefylket vårt Rogaland som klarte å tilby læreplass til 78 prosent av elevane. Det var nok til å sikre delt førsteplass med Oslo.

– Mange fylke gjer ein god jobb med å skaffe læreplassar, men me er ikkje i mål. Det blir stadig fleire søkjarar, og då må me halde fram satsinga for å få enda fleire læreplassar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Yrkesfagåret

Statsråden meiner rekordane som står for fall syner at satsinga på yrkesfag gir resultat.

– Med fleire læreplassar får fleire elevar høve til å fullføre utdanninga si og komme seg inn i arbeidslivet. Denne arbeidskrafta er heilt avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn i åra som kjem, seier han. Røe Isaksen peikar på at 2018 er yrkesfagår.

– Partane i arbeidslivet vil nytte året til å syne fram kva fordelar som ligg i yrkesfag. Då håper eg fleire verksemder melder seg på og tek inn ein lærling, seier kunnskapsministeren. Han minner om at regjeringa med støtte frå Kristeleg folkeparti og Venstre har sett i verk fleire tiltak som skal gjera det gunstig for verksemder å ta imot lærlingar.

Auka lærlingtilskotet

I pressemeldinga står det at regjeringa saman med støttepartia har auka lærlingetilskotet med 21.000 kroner pr. kontrakt. Det er også innført krav til lærlingar i verksemder som vil vinne offentlege anbod.

– I 2018 blir dei yrkesretta utdanningane styrkja med 70 millionar kroner. Pengane skal mellom anna gå til arbeidet med rekruttering av læreplassar i fylka, heiter det i pressemeldinga.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.