annonse

Ny novemberrekord

Smak av sommar
Smak av sommar: Det vart ein smak av sommar i fylket vårt onsdag. (Foto: NILS-TORE SELE/Arkiv)

Meteorologisk institutt melder om ny temperaturrekord for november i Hordaland. Også på Slåtterøy fyr vart det sett ny varmerekord.

Håvard Hammarstrøm

Det vart sett temperaturrekordar for november på fleire målestasjonar i Hordaland i dag. Deriblant på Slåtterøy fyr. Der vart det i dag målt 16,1 grader. Det er ny novemberrekord for denne målestasjonen. Det melder Meteorologisk institutt på Twitter. På Stord vart det målt 17,3 grader. Den høgaste temperaturen i dag vart målt i Etne med 18,3 grader. Det er ny rekord for Hordaland i november månad. Den førre rekorden var på 17,9 grader og vart sett på målestasjonen Florida i 2011.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.