annonse

Ny prosessbåt for Napier AS er sjøsett

STOR DAG
STOR DAG: Måndag vart bømlareiarlaget Napier AS sitt nybygg "Taupo" sjøsett ved byggjeverftet på Fitjar. (Foto: KJETIL TUFTELAND/NAPIER AS)

Måndag vart «Taupo» sjøsett ved Fitjar Mek. Verksted AS. Napier AS får prosessbåten i drift i januar.

Nils-Tore Sele

– No er me veldig nøgde. Sjøsettinga på måndag gjekk knirkefritt, seier dagleg leiar Kjetil Tufteland i reiarlaget Napier AS i Langevåg og gjev honnør til byggjeverftet for vel utført arbeid.

I jobb for SalMar

«Taupo» er ein prosessbåt som skal nyttast til transport av oppdrettslaks.

– «Taupo» er både designa og bygd på Fitjar. No held utrustinga fram til overleveringa skjer i desember, fortel Tufteland.

«Taupo» er 43 meter lang, 11 meter brei og har ein marsjfart på 13 knop. 80 tonn fisk kan bløggast i timen, og lastekapasiteten om bord er på 320 tonn.

– Me får «Taupo» overlevert i desember. På nyåret går han over i ein fem år lang kontrakt for SalMar på Frøya, fortel Tufteland.

Napier AS er eit reiarlag som har gått bort frå brønnbåtkonseptet og heller satsar på prosessbåtar, altså det ein kan kalla for eit mobilt og flytande lakseslakteri.

– Me meiner at fordelene er mange med ein prosessbåt. Den biologiske tryggleiken er viktigast. Transporten går 100 prosent lukka. Alt vert teke vare på. Smittefaren er borte. Dyrevelferda er på topp. Fisken vert teke livet av ved førstegongshandtering, laks mistar ikkje livet under transport, poengterer Tufteland.

Napier AS skal tilsetja eit mannskap på totalt 16 personar som arbeider om bord. Dette er fordelt på to skift.

Får tre prosessbåtar

Per i dag har reiarlaget «Tauranga» i drift, som for ei tid tilbake vart ombygd frå brønnbåt til prosessbåt.

– «Tauranga» skal me ha med vidare. Den går i fast kontrakt for Marine Harvest. Når me har fått «Taupo» i drift, tek det ikkje lenge stunda før me har vår tredje prosessbåt i drift. Den vert overlevert til oss neste sommar, i juni, fortel Tufteland.

«Taupiri» er søsterskipet til «Taupo» og vert også bygd ved verftet på Fitjar.

– Me har eit langvarig og godt samarbeid med kvarandre, understrekar Tufteland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.