annonse

Ny Røyksund bru ferdig

Ferdig
Ferdig: Fredag er det klart for å køyra nybrua over Røyksundkanalen. Endå eit prosjekt i Bømlopakken er ferdig. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Fredag klokka 13.00 vert det opna for trafikk på den nye Røyksundbrua.

Randi Olsen

I morgon fredag er det takk og farvel til den gamle brua over Røyksundkanalen som har gjort si teneste sidan 1957, i over 60 år. Klokka 13.00 presis vert det blomsterbukett til den første sjåføren som køyrer over den nye brua.

– Det er ikkje lagt opp til nokon storstila opningsseremoni sidan så mange er på ferie, men ei lita markering blir det no, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Bernt Herland.

Den nye brua er ein del av prosjektet Røyksund-Eikeland i Bømlopakken. ho erstattar den gamle brua, som vart opna i 1957.

Nybrua får to køyrefelt i tillegg til gang- og sykkelfelt. Ho er 30 meter lang og ligg på to bruspenn, opplyser Statens vegvesen.

Den gamle brua skal rivast.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.