annonse

Ny, stor høgskule på Vestlandet er opna

Den nye høgskulekvardagen på Vestlandet er klar.

Nils-Tore Sele

Tysdag opna statsminister Erna Solberg den nye Høgskulen på Vestlandet. Opninga skjedde på virtuelt vis, og sjølv om statsministeren var fysisk til stades i Sogndal, fekk alle til stades på dei andre opningsshowa i Bergen, Haugesund i tillegg til Stord og Førde dette med seg digitalt, via storskjerm.

Høgskulen på Vestlandet er sett saman av dei tre utdanningsinstitusjonane Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), Høgskulen Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Bergen (HiB). Det er fem campus på den nye høgskulen, i Bergen, på Stord, i Sogndal, i Førde og i Haugesund.

Laura Søvold (21) frå Bømlo, student ved lærarutdanninga på Stord, sa til avisa Sunnhordland i ein artikkel om opninga av den nye høgskulen at ho ikkje fryktar at utdanninga på Stord vil bli gløymt på grunn av fusjonen.

- Nei, tvert om. Ein har jo uttrykt ambisjonar om å vera lokale. Eg trur at utdanningsnivået lokalt vil bli høgare no når me har gått inn i fusjonen, sa ho til avisa.


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.