annonse

Nye bosbilar til nær 40 millionar kroner

Stor investering
Stor investering: Mariusz Kucharycz er stolt av dei nye bilane og jobben sin. No håpar han at folk sorterer mykje plast slik at investeringa blir meiningsfull for miljøet. (Foto: )
Returtransport
Returtransport: I SIM-hallen på Heiane trefte me Michael Hudik som hadde lossa varer hos Elkjøp, og lasta traileren full med restavfall som han skulle ha med til Jønkøping. Slik køyrer svensken tur retur fleire dagar i veka. (Foto: )
SIGGJO
SIGGJO: Mangt kan me seia om fjellet i vest, og her er ho visst i avdeling for rest. Ein undrar seg på om det fjellet står fast. Kan hende ho endar i sekken med plast. (Foto: )
BAKlastaren
BAKlastaren: Ny teknologi gjer det kjekt å vera renovatør, det kan Mariusz Kucharycz stadfesta etter 12 år i bransjen. (Foto: )

Her er den nye bilparken til SIM og ein stolt avdelingsleiar som synest han har ein veldig kjekk jobb.

Ingvild Sjo

12 avanserte miljøglis som kvar kostar over 3 millionar kroner, med spesialutstyr for henting av fleire typar bos samstundes, det må til.

Med denne nye investeringa køyrer Sunnhordland Interkommunale Miljøverk inn i ei ny tid, ikkje berre for kundane og for miljøet, men for sjåførane som syt for at boset vårt kjem i retur på forsvarleg vis. Betre arbeidsmiljø og ein reinare kvardag blir det for alle renovatørane når dei siste tre kommunane no blir med i ordninga med sidelastar. Mariusz Kucharycz byrja i SIM for 12 år sidan og har hatt si fartstid på bosbilen. No er han leiar for ei avdeling med 14 faste stillingar og tre ekstrahjelper. Dei 12 bilane skal gjera teneste i sju kommunar.

To typar

Sidelastarane er bemanna med ein renovatør og denne bilen hentar inn restavfall og bioavfall gjennom luker i sida. Denne hentar bos annakvar veke. For at renovatøren skal sleppa å gå ut av bilen, må dunkane stå beint og med opninga på dunken retta mot lastebilen. Då er det berre for sjåføren å heisa løftearmen under loket og vippa dunken opp på sida, og vipps er boset vekk.

– Men dunkane må stå beint, og med loket rette vegen, presiserer Kucharycz.

Lastebilar som skal henta plast og papir kvar fjerde veke, har baklastar. Desse bilane er bemanna med to renovatørar, og her er det manuelt arbeid som gjeld. Renovatøren hentar inn dunk og sekkar.

– Men tenk om plastsekken har blåse vekk?

– Du set den bak papirdunken. Eg trur ikkje det er noko problem at den bles vekk. Det har ikkje vore eit problem i Fitjar, der me har hatt prøveordning i to år. Ikkje som eg kjenner til i alle fall, seier Kucharycz.

Han legg til at dersom dette skulle bli eit problem, så gjeld det å binda fast plastsekken til papirdunken på eit vis.

– Det går nok bra! seier avdelingsleiaren som håpar at no blir folk flinke til å sortera slik at det kjem mykje plast av garde til gjenvinning.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.