annonse

Nye kontraktar til Eidesvik Offshore

Viking Neptun
Viking Neptun: Eidesvik Offshore gler seg over å ha fått forlenga kontraktar for «Viking Neptun» (biletet) og «Acergy Viking». (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Eidesvik Offshore har inngått nye kontraktar for «Viking Neptun» og «Acergy Viking»

Håvard Hammarstrøm

Det går fram av ei børsmelding frå reiarlaget torsdag. Her står det å lesa at «Viking Neptun» vil halde fram arbeidet for Merkur Offshore fram til midten av mai. Kontrakten inneheld også opsjonar på forlenging.

Kontrakt med Siemens

Kontrakten for «Acergy Viking» er underteikna med Siemens Gamesa.  Også her er det snakk om forlenging av ein eksisterande kontrakt. Forlenginga sikrar skipet arbeid fram til slutten av januar 2021, og tyder i praksis ei forlenging på eitt år av den eksisterande kontrakten. I tillegg inneheld forlenginga ein opsjon på ytterlegare forlenging til slutten av april 2021.

Administrerande direktør Jan Fredrik Meling i Eidesvik Offshore gir uttrykk for at godt arbeid om bord på «Viking Neptun» og «Acergy Viking» har resultert i desse kontraktsforlengingane.

– Me ser fram til å framleis levera våre tenester av høg kvalitet til dei, seier Meling.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.