annonse

Nytt notbøteri ruvar i Hovlandshagen

GILDT
GILDT: Dagleg leiar Lars Magne Eidesvik i Eidesvik Havfiske AS var i perlehumør under opninga av notbøteriet. (Foto: NILS-TORE SELE)
PRATEN GJEKK
PRATEN GJEKK: Celius Eidesvik (midten) er mellom eigarane av Eidesvik Havfiske AS. Då notbøteriet opna var kollegene frå fiskerimijøet elles i Langevåg på plass for å sjå kor flott nybygget er blitt. (Foto: NILS-TORE SELE)
STORT
STORT: Nestor i familieselskapet Eidesvik Havfiske AS, Magne Eidesvik, studerer det store notlageret i bøteriet. (Foto: NILS-TORE SELE)
MOR OG SON
MOR OG SON: Det var mykje å passa på under opningsfesten. Her er mor Elisabeth i samtale med Lars Magne Eidesvik om påfyll av mat. Fiskerireiarlaget hadde ope hus på bøteriet til langt utpå kvelden tysdag. (Foto: NILS-TORE SELE)
UTRUSTAR SEG
UTRUSTAR SEG: «Bømmelbas» ått av Eidesvik Havfiske AS låg til kai utanfor notbøteriet då det vart opna. Snart er det tur på makrellen. (Foto: NILS-TORE SELE)
GJESTFRIE
GJESTFRIE: Eigarane av det nye notbøteriet tok seg godt av gjestene som kom. (Foto: NILS-TORE SELE)
INTERESSE
INTERESSE: Mange tok turen for å sjå på det nye notbøteriet i Langevåg. (Foto: NILS-TORE SELE)
DIGRE
DIGRE: Store tromlar og solide kranar må til når nøter skal på plass nede i lageret inst i lokalet. (Foto: NILS-TORE SELE)
STORT
STORT: Det nye notbøteriet ruvar godt i Hovlandshagen. Då bygget vart opna, låg «Bømmelbas» ved kai. (Foto: NILS-TORE SELE)
HISTORIA MED SEG
HISTORIA MED SEG: Kringom på bøteriet står gjenstandar som dette, og er ein påminnar om at det er viktig å ha fortida med seg på veg inn i framtida. (Foto: NILS-TORE SELE)
SER GODT
SER GODT: Frå øvste høgda i notbøteriet i Langevåg er utsikta upåklageleg. (Foto: NILS-TORE SELE)
RUVANDE
RUVANDE: Det nye notbøteriet er 18 meter høgt. (Foto: NILS-TORE SELE)

Tysdag var det offisiell opning av det nye notbøteriet i Hovlandshagen i Langevåg.

Nils-Tore Sele

Det er Eidesvik Havfiske AS som har bygd det store notbøteriet i Langevåg. Fiskerireiarlaget satsar i forkant av fiskerihamna som skal byggjast i Hovlandshagen.

– Me er glad i å satsa lokalt, men er ikkje så glad i å snakka om pengane me brukar. Arbeidsplassar er viktige, og dette er eit næringsbygg som skal tena både vårt eige fiskeri og vonleg andre i fiskerimiljøet på Bømlo, seier dagleg leiar i Eidesvik Havfiske AS, Lars Magne Eidesvik.

Store dimensjonar

Investeringa med å byggja notbøteriet ligg på rundt 30 millionar kroner, opplyser han. Dimensjonane over bygget er store.

– Det er 44 meter langt, 20 meter breiddt og 18 meter høgt, seier Eidesvik. Tysdag ettermiddag var det tid for opning, og det var ope hus på notbøteriet til 19.30-tida på kvelden. Mange var innom for å sjå på nybygget, og gratulera Eidesvik Havfiske AS med dagen.

– Det var veldig kjekt at så mange tok turen, det ser me stor pris på, fortel Eidesvik.

Rekruttering på bøteriet

Han opplyser at notbøteridelen av verksemda i bygget nok blir sesongstyrt og -driven. Kor mange som kjem til å arbeida der, vil også variera.

– Kanskje fem-seks stykk. Elles har me tilsett ein person som skal ta vare på bygget.

Eidesvik trur også at notbøteriet vil gjeva fiskeriinteressert ungdom frå lokalmiljøet sjansen til å læra seg grunnleggjande fiskarferdigheiter. Å kunna bøta ei not høyrer med til det.

– Rekruttering er viktig, seier han.

Viktig bygg

– Me ser store fordeler for vår eiga verksemd med å få eit slikt bygg her heime. Det sparer oss for mykje driftsmessig, men det er også bra for miljøet, då me slepp å gå langt for å henta utstyr til fiskebåtane våre. No kan me ta både service og reparasjonar av not og trål for oss sjølv og andre. Dei gongane me må kjøpa nye nøter vil me framleis måtta kjøpa dette av andre. Me har ikkje planlagt notproduksjon hos oss.

På tysdag låg fiskerireiarlaget sin eigen «Bømmelbas» til kai utanfor notbøteriet og var med å kasta glans over det som skjedde. «Bømmelbas» låg då inne for utrusting til makrellfiske, men Eidesvik er samd i at det passa godt inn i programmet at ein representant frå flåten i reiarlaget tilfeldigvis låg til kai i samband med opninga av notbøteriet. Dei som ville fekk også lov til å komma om bord å kika på den topp moderne, kombinerte snurparen og trålaren.

Signal om satsing

– Med notbøteriet har me fått eit stort bygg, som gjer at me får gode lagerlokalitetar. Ein del av lagringsplassen er for kundar me har i oljebransjen som me tek oppdrag for utanom fiskerisesongen. Me reknar også med å kunna tilby lagring for andre kundar enn desse. Bygget har også ein del kontorlokalitetar som me tenkjer å kunna leiga ut etter kvart, fortel Eidesvik.

– Vurderer de å flytta kontor og administrasjon frå Eidesvik ut til Hovlandshagen?

– Me har ingen slike konkrete tankar per i dag, men på sikt kan slike vurderingar komma. Det får me sjå etter kvart, seier han.

Eidesvik fortel at det nye multibygget frå Eidesvik Havfiske AS si side er eit sterkt signal om satsing på Langevåg og den kommande fiskerihamna.

– Dette kan sjåast på som eit første steg i å få fiskerihamna på plass. Me ønskjer å satsa i nærområdet vårt, og lokaliseringa i Hovlandshagen for ei fiskerihamn er fantastisk bra, understrekar Eidesvik, spent på kva hausten elles fører med seg av avklaringar rundt fiskerihamnprosjektet i Langevåg.

nils.tore@bomlo-nytt.no







Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.