annonse

Olav Akselsen er alvorleg sjuk

Sjukemeld
Sjukemeld: Sjøfartsdirektør Olav Akselsen. (Foto: Steinar Haugberg/Sjøfartsdirektoratet.)

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen har fått påvist kreft og hjernesvulst, og skal no igjennom ein krevjande behandlingsperiode.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding. Direktoratet opplyser at Lars Alvestad kjem til å fungere som sjøfartsdirektør inntil videre.

- Dette var ein tøff beskjed å få, først og fremst for Olav og familien, men også for oss kollegaer. Me veit han har gode folk rundt seg og me ser frem til å ha han tilbake i Sjøfartsdirektoratet etter kvart, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus. Sjukemeldinga fører til at alle planlagte oppdrag for Akselsen utover vinteren og våren er avlyste.

Akselsen har vore sjøfartsdirektør i ti år, og hadde før det ei politisk karriere i Arbeidarpartiet. Han har mellom anna vore olje- og energiminister i tillegg til å vera parlamentarisk nestleiar i Arbeidarpartiet. Han har også vore leiar av justiskomiteen, energi- og miljøkomiteen, næringskomiteen og av utanrikskomiteen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.