annonse

Ønskjer levedyktig sentrum

Bømlo SV vil ha eit meir levande kommunesenter og etterlyste ein handelsanalyse før dei gjev gønt lys for utviding av Kuben.

Utval for areal og samferdsle handsama nyleg ein prinsippsøknad om utviding av industriområdet i Hollundsdalen. Her er planar om å utvide handelssenteret Kuben. I innstillinga frå administrasjonen låg det inne forslag om å utarbeida ein handelsanalyse for kommunesenteret som lekk i reguleringsplanarbeidet.
Etter framlegg frå Karsten Fylkesnes (KrF) valde utvalet å ta ut dette punktet. I staden vart det teke inn eit punkt om utarbeiding av risiko- og sårbarhetsanalyse. Her skal mellom anna trafikksikring og «avbøtande tiltak» innpassast i føresegner og takast omsyn til ved utbygging.
I kommunestyret måndag stilte Unni Seim (SV) spørsmål ved om det var rett å ikkje be om handelsanalyse.
- Bremnes sentrum er i ferd med å bli utarma. Det er viktig å ha eit levedyktig sentrum. Har Bømlo kommune ein overordna plan for sentrum? Kva visjon har me for sentrum? spurde ho.
Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) fremja på si side ein interpellasjon.
Han fortalde at Hordaland fylkeskommune hadde varsla motsegn etter at utvalet tok ut handelsanalysen.
- Denne saka omhandlar altså ein prinsippsøknad. Når fylkeskommunen varslar motsegn alt no, meiner eg det vil vera ryddig av kommunestyret å handsama spørsmålet om handelsanalyse. Kommunestyret kan gjera om vedtaket i utvalet, sa Hovland.
Rådmann Geir E. Aga kunne i møtet opplyse at kommunen har sendt ut førespurnad om utarbeiding av ei meir overordna stadanalyse for Svortland sentrum.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.