annonse

Opna det nye legevaktbygget

Klipte den raude snora
Klipte den raude snora: Dei tre ordførarane Harry Herstad, Wenche Tislevoll og Odd Harald Hovland klipte den raude snora og ærklærte det nye legevaktbygget for formelt opna. (Foto: )

– Me er stolte over at me leverer i forhold til samhandlingsreforma og kommunane har jobba godt saman, sa ordførarane frå både Bømlo, Stord og Fitjar før dei klipte snora til det nye interkommunale legevaktbygget sist onsdag.

Det var mange som møtte for å markera opninga av det nye interkommunale legevaktbygget ved Stord sjukehus onsdag. Både ordførarar, kommunalsjefar, byggherrar, leiar for legevakta, representantar frå sjukehus og legevakt og representantar for helse -og omsorgstenester i dei tre kommunane.

Ordførarane Odd Harald Hovland (Ap - Bømlo), Harry Herstad (Ap - Stord) og Wenche Tislevoll (H - Fitjar) kom med lovord om det nye legevaktbygget, med legevakt i første etasje og 2. etasje med øyeblikkeleg hjelp døgnsenger, som står klare til å ta mot pasientar frå tre kommunar kommande måndag. Det nye legevaktbygget opna for drift frå februar i år.

Kommunane sine eigne sengepostar

Den nye sengeposten er tilpassa samhandlingsreforma. Ei eiga avdeling i 2. etasje på det flunkande nye legevaktbygget, med eigne legar og sjukepleiarar til ei spesiell pasientgruppe i systemet.

Dei tre kommunane har til saman fire senger for øyeblikkeleg hjelp der ein kan ta i mot pasientar med avklart diagnose, og som kan få like god eller betre hjelp her som på sjukehuset. I tillegg har avdelinga fem observasjonssenger. Desse er til utskrivingsklare pasientar på sjukehuset, og pasientar som kjem frå heimen eller institusjon for eit kortare opphald.

Sjukehusa skal ikkje la pasientar liggja for lenge på sjukehus. Kommunane er pliktige til å ta mot sine og dersom pasienten må liggja lenger på sjukehuset, blir kommunen bøtelagt pr. døgn.

– Jau, det har nok blitt ein del bøter for Stord kommune, kunne ordførar Harry Herstad bekrefta undervegs på synfaringa på den nye flotte sengeposten med fire Ø.H.-senger som tre kommunar skal dela på. Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll kunne òg bekrefta at det hende. Ordførar Odd Harald Hovland kunne fortelja at det ikkje var så stort problem med bøtelegging av pasientar frå Bømlo. Han viste vidare til kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal som kunne fortelja meir i forhold til situasjonen for Bømlo.

– Det har ikkje vore noko stor utfordring med bøter for pasientar som ligg for lenge på sjukehus. Bømlo kommune har 13 kortids/rehabilliteringsplasser på Bømlo Helsehus der ein mellom anna har tilbod til utskrivingsklare pasientar frå sjukehus. Det kan til tider vera press på desse plassane, men stort sett klarar ein å gje tilbod til desse pasientane dersom dei ikkje kan reisa til eigen heim. Både heimetenestene og institusjonane gjer ein stor innsats for å ta imot utskrivingsklare pasientar.

Gler seg

Her i 2. etasje på nye legevaktbygget er det fire kommunale akutte døgnsenger. Den interkommunale døgnavdelinga (IDA) oppfyller krava i samhandlingsreforma, der kommunane er pliktige til å ta i mot øyeblikkelig hjelp døgnpasientar, som dei har kompetanse til å ta seg av. Legen vil vurdere om pasienten har ein diagnose som en kan behandle i dette tilbodet, forklarer Mellesdal.

Leiaren for Sunnhordland Interkommunale legevakt, Janett Svendsen ser lyst på dette heilt nye helsetilbodet som startar opp på måndag.

– Det skal bli flott å kunne gje pasientane eit slikt tilbod, seier ho.

Tilbodet gjeld pasientar som kjem anten frå heim eller institusjon. For eksempel at dei har vore hjå legen utan at dei treng sjukehusinnlegging, men dei må liggja til observasjon eller behandling. Som regel er dette pasientar som gjerne har kjende diagnosar men treng behandling med sengeplass ein periode. På den nye avdelinga får dei til og med einmannsrom. Me har tilsett eigne legar og sjukepleiarar og helsearbeidarar som alle byrjar kommande måndag 20. mars. Dette er rundt tjue nye stillingar med toppmotiverte og høgt kvalifiserte fagfolk som gler seg til å starta opp og jobbe berre mot denne pasientmålgruppa. Pasientar som er aktuelle for slike døgnplassar er dei som får aktiv behandling for eksempel intravenøst, med oksygen eller sårbehandling. Dei fleste av desse pasientane har avklara diagnosar. Det er legane som bestemmer kor pasientane skal sendast i systemet, forklarer Janett Svendsen.

grethe.kjosnes@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.