annonse

Opp frå djupet

Djupvassmanet
Djupvassmanet: Kronemaneta dukkar tidvis opp i store mengder i fjordane våre. Denne kom opp med eit garn i Hallaråkerosen i helga. (Foto: Privat)

Ei kronemanet dukka opp få djupet i Hallaråkerosen i helga.

Randi Olsen

«Nokon som kan finna ut kva dette er?» var spørsmålet som plinga inn til redaksjonen vår saman med bilete av ein merkeleg skapning.

Då er Havforskingsinstituttet (HI) i Bergen gode å ha, og etter berre ein times tid kom svaret frå forskar Tone Falkenhaug ved HI.

– Dette er ei kronemanet (Periphylla periphylla). Det er ei djupvassmanet som finst i alle verdshava, skriv ho ei ein epost.

Kronemaneta opptrer også i djupet i dei norske fjordane, men kan av og til observerast i overflata på grunn av artens døgnvandring.

Maneta har fått ei viss merksemd dei siste åra sidan ho kan opptre i store mengder i fjordane våre. Eksempel på fjordar med mykje kronemaneter er Lurefjorden i Hordaland, Halsafjorden i Møre og Romsdal, Beitstadfjorden og Verran i Trøndelag og i Sørfolda ved Bodø i Nordland. Men arten er også registrert i ei rekkje andre fjordar langs kysten, skriv forskaren.

Du kan lesa meir om kronemaneta her og her.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.