Bømlo-Nytt

Nyhende

Oppdrettsselskap frå Bømlo tingar brønnbåt

Oppdrettsselskap frå Bømlo tingar brønnbåt

Reiarlaget Hordalaks AS skal byggja brønnbåt hos Fitjar Mekaniske Verksted.

Hordalaks AS er eit nystarta reiarlag. Bak reiarlaget står fleire oppdrettsselskap, mellom anna Fremskridt laks AS og Fylkesnes Fisk AS frå Bømlo.

Reiarlaget har no tinga brønnbåten «Hordagut» hos Fitjar Mekaniske Verksted (FMV).

Fartøyet har lasteromvolum på 4.700 kubikkmeter og er designa av Heimli og FMV i fellesskap. Framdriftsanlegget er diesel-elektrisk og fartøyet vert klargjort for installasjon av batteripakke. Hordalaks AS, Heimli og FMV har jobba tett saman i utviklinga av designet, er mellom det verftet skriv i ei pressemelding om kontrakten. «Hordagut» vert levert i april 2020 om alt går etter planen.

Optimal fiskevelferd

Aksjonærane i Hordalaks AS, utanom dei to bømlaselskapa, er Blom Fiskeoppdrett AS, Kobbevik & Furuholmen Oppdrett AS og Engesund Fiskeoppdrett AS. Brønnbåten skal primært jobba for desse selskapa, som totalt disponerer 25 matfiskkonsesjonar i Hordaland. Det er lagt svært stor vekt på utvikling av laste-systemet om bord, slik at optimal fiskevelferd vert oppnådd for heile spekteret frå smolt til slaktefisk, går det fram av ei pressemelding sendt ut av verftet på Fitjar.

Hugo Strand, administrerande direktør ved verftet på Fitjar, meiner at fisken sine miljøforhold om bord såleis vert optimale.

Samarbeidsprosjekt

– Denne brønnbåten vil tilfredsstilla alle operasjonelle krav til moderne, effektiv og fleksibel fiskebehandling og –transport. Han er utvikla i samarbeid mellom solid oppdrettskompetanse, erfarne seglande og eit nyskapande designmiljø på Fitjar. Me er svært nøgde med design-resultatet, stolte over tilliten og ser fram til samarbeidet i engineerings- og byggjeprosessen som står framfor oss, skriv Strand i pressemeldinga og meiner at det er all grunn til å gle seg over dette oppdraget på vegner av norsk skipsbyggingsindustri og regional verdiskapning.