annonse

Ordføraren imponert over dugnadsinnsatsen

I SVING
I SVING: Ordførar Odd Harald Hovland har også vore med på strandrydding, men kunne ikkje i helga. Dette biletet er frå i fjor. ARKIV (Foto: NILS-TORE SELE)

Ordførar Odd Harald Hovland håpar på fleire ryddedugnader i strendene.

Nils-Tore Sele

– Det er ein flott innsats som vart gjort denne helga med å rydda strender på Bømlo. Det er fantastisk kva ein kan få til. Eg meiner at dette er tiltak som kan gjerast fleire gongar årleg. Til dømes ein gong om våren og ein på hausten. Skal me få det til, må sentrale styresmakter sterkare på banen, seier ordførar Odd Harald Hovland.

At så mange stiller opp for å rydda i strendene viser at mange har teke inn over seg dei store forureiningsproblema i havet.

– Me må få til betre ordningar for innsamling av plast og anna forureining i havet. Det er mykje i strendene som dugnadsfolk med ein plastsekk ikkje får med seg. Då må ein syta for at båtar med kraner og god lastekapasitet kan setjast inn, seier Hovland.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.