annonse

Over 33 mill. til Bømlo

Havbruksmillionar
Havbruksmillionar: Bømlo kommune er blant hordalandskommunane som får mest utbetalt frå fondet. Austevoll og Kvinnherad er andre vinnarar. Arkivfoto (Foto: )

Randi Olsen

Bømlo kommune får Kr 33 597 828,78 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2018.

For berre få veker sidan ville ikkje ordførar Odd Harald Hovland seia noko om kor mykje pengar Bømlo kunne få frå Havbruksfondet. Det vart ymta om mellom 25 og 32,5 millionar kroner, utan at han ville stadfesta noko for lokalavisa.

No viser det seg at Bømlo altså får nesten 33,6 millionar kroner frå Havbruksfondet. Det er pengar som ikkje er budsjetterte med og kommunestyret vedtok i mai at eventuelle midlar frå fondet skulle brukast til framtidige investeringar, og nyttast med tanke på næringsutvikling.

Havbruksnæringa i Noreg har hatt ein eventyrleg vekst, og har blitt ei særdeles viktig næring langs heile kysten. Kystkommunane gjer ein viktig jobb som vertskap og for å leggja til rette for næringa, og for å sikre at utviklinga er berekraftig. Dette gjer kommunane blant anna ved å utarbeide kommuneplanar som bidrar til å gje næringa gode rammevilkår.

Då er det også rett at kommunar som legg til rette for havbruk får ta del i den verdiskapinga som vert generert langs kysten.

– Det er viktig at kommunane også får ein kompensasjon for den jobben dei gjer med å leggje til rette for havbruksnæringa. Tidlegare har kommunane fått småpengar for å leggje til rette for havbruksnæringa, samtidig som næringa naturleg nok legg beslag på store areal i kommunen. Regjeringa etablerte difor Havbruksfondet i 2015 for at kommunar som legg til rette for at havbruksnæringa også får ta del i verdiskapinga, heiter det i ei pressemelding frå Bømlo Høgre.

I 2018 vil 164 kommunar og 10 fylke få gode utbetalingar frå fondet. Utbetalinga som skjer i oktober i år er sju åttandedeler av det totale for 2018 – siste åttandedel

pluss pengar frå konsesjonsauksjon no i september kjem til utbetaling i oktober neste år, heiter det i pressemeldinga.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.