annonse

På Karmøy satsar dei på IVAR

Rogaland sitt nye miljøvidunder
Rogaland sitt nye miljøvidunder: Eit avansert sorteringsanlegg på Forus til 600 millionar er klart til bruk i 2019. Her kjem IVAR til å nå EU sitt krav om materialgjenvinning 10 år før tida. (Foto: )

På Karmøy trur dei at plastsekkane kan blåsa til havs. Dessutan trur dei ikkje folk kjem til å sortera godt nok. Dei satsar i staden på IVAR.

Ingvild Sjo

På rådhuset i Kopervik arbeider rådgjevar for miljø og renovasjon, Torbjørn Heggheim, med ny strategi for Karmøy. Han legg opp til eit anna alternativ enn sortering av plast heime. Om politikarane vedtek planen kan innbyggjarane sleppa å sortera og vaska og tørka plastavfallet.

Planen er nemleg at plasten skal bli sortert ut på direkten av eitt av landet sine to moderne sentralsorteringsanlegg. I Stavanger byggjer dei nytt, topp moderne sorteringsanlegg på Forus til 600 millionar kroner klart til bruk i 2019.

Selskapet heiter IVAR og er eit interkommunalt vatn-, avlaup- og renovasjonsselskap. Plast vert sortert ut i fem forskjellige typar returplast som vert hakka til granulat og gjort klart for sal på verdsmarknaden. Ferdig sortert restavfall går til forbrenningsanlegget, og spillvarmen derifrå vert brukt til å varma opp vatn som dei vaskar returplasten med etter sortering. I tillegg vert det teke ut metall og andre verdifraksjonar frå restavfallet, såkalla verdistoff, og dette skal bidra til auka lønsemd for IVAR.

Enkelt for kunden

– Me tek i bruk ny teknologi for å gjera det enkelt for innbyggjarane. Samstundes får me plasten frå alle innbyggjarane, ikkje berre frå dei som er flinke til å sortera, seier Torbjørn Heggheim. Slik unngår ein òg at lette sekkar med plastemballasje bles rundt i naturen. Karmøy planlegg å byta ut heile dunkparken sin, og Heggheim jobbar for sikring av dunk-lok slik at plastavfall ikkje skal blåsa av garde når dunkar veltar i vinden. Målet er å nå nye og framtidige mål frå EU om materialgjenvinning. Det målet trur Heggheim kan bli vanskeleg å nå ved å krevja at kundane skal vaska og tørka og sortera plast.

– Me ønskjer å gjera det enklare for kunden, og trur òg at me vil få eit betre resultat på denne måten, seier Heggheim.

– Men korleis er økonomien oppi dette?

– Målet er at dette ikkje skal bli dyrare enn ordninga me har i dag, utan plastsortering. I tillegg vil det spara kunden for arbeid og for lagringsplass. Det er òg noko me ser på. Det er ikkje alle som har plass til å ha plastsekkar med emballasje ståande, seier han.

I forkant av miljøkravet

Mannen bak sorteringsanlegget til IVAR heiter Rudolf Meissner. Han fortel at når kunden sjølv sorterer plast og leverer i eigen sekk, vil ein få inn 10–12 kilo per innbyggjar i året. Dersom kunden er veldig flink, kan det bli opp mot 14 kilo.

– Med vårt anlegg vil me ta ut 18–19 kilo per innbyggjar årleg, utan at kunden sorterer, seier han. 23 avanserte maskinar sorterer ut ulike typar materiale. Avfallet går på samleband, og maskinane lyser med infraraud stråling på restavfallet, og då vil dei ulike materiala senda tilbake forskjellige frekvensar som utløyser sortering i form av lufttrykk. Boset vert altså blåse ut i rett kategori av luftdyser, og farten på samlebandet er fleire meter per sekund. Det seier seg sjølv at ein hjelper dette maskineriet om boset ligg så laust som mogeleg, og tørt, når det ligg i restdunken, det vil seia at ein ikkje bør vikla ting tett saman.

Alt innan eitt år vil IVAR nå kravet på 65 prosent materialretur som EU krev innan 2030.

Noko for Bømlo?

– I oktober 2018 byrjar me med testkøyring, seier Meissner. I 2019 er anlegget offisielt i gang.

– Kan anlegget ta imot meir avfall er de har frå eige omland?

– Svaret er ja!

– Vil det vera meiningsfullt å levera restavfall frå Bømlo til IVAR?

– Ja, absolutt, det vil føra til betre utnytting. Det er fleire kommunar som vurderer dette no, seier han. – SIM er velkommen.

– Men me har ein stor fjord å kryssa?

– Ja, avstand er ei sak i seg sjølv, seier Meissner og viser til det andre sorteringsanlegget i Noreg, ROAF som held til på Skedsmo, og får tilkøyrd restavfall heilt frå Halden. Då er løysingar som returtransport med på å gjera rekneskapen meir miljøvennleg totalt sett.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.