annonse

Piffi UB vann fem prisar på fylkesmessa

PIFFI UB
PIFFI UB: Kokebok for studentar, opplaget veks. Frå venstre Karina Kallevåg, Sigrid Kallevåg, Marthe Aga, Sunniva Sønstabø Hellebø og Hilmar Sætre.
TEMP UB
TEMP UB: Uttrykket «Da hølja ner» er trykt i refleks og limt på paraplyar, og dei sel ganske bra på Bømlo. Frå venstre Nicolai Onarheim Grønnevik, Oskar Innvær Agasøster og Håkon Aakre.
MADE IN BØMLO UB
MADE IN BØMLO UB: Lubber med Siggjo i profil trykt under fotsolen. Frå venstre Maria Grindheim, Ragnhild Esperø, Celine Pedersen, Ellen Urangsæter, Agnete Gjøsæter, Annlaug Økland. (Foto: )
EIN BIT FORSKJELL UB
EIN BIT FORSKJELL UB: Konfekt av naturlege råvarer, utan sukker, og 20% av overskotet til Kreftforsking. Frå venstre Vebjørn Andreas Sele, Mathias Stavland, Sunniva Teigland, Erik Tobias Sele og Magnus Selle. (Foto: )
FØRE VAR UB
FØRE VAR UB: Førstehjelpsutstyr er viktig å ha, og firma kan få logo på. Frå venstre Erik Vågenes, Arvid Fauskanger Ekberg og Rohullah Omarkhail. (Foto: )
POPS UB
POPS UB: Popsockets er ein nytting dings du kan hengja mobiltelefonen på. Frå venstre Ila Sakseide, Mari Wiik og Synnøve Vespestad. (Foto: )
ELDESIGN UB
ELDESIGN UB: Eit norgesglas med ei ledlys, det blir ein fint, nostalgisk lampe til hytta eller naustet. Bent Engenes til venstre og Trygve Johnsen. Einaste stand frå Rubbestadneset vgs i år.
ÅRETS LÆRAR
ÅRETS LÆRAR: Inger Anita Urang Rolfsnes på scenen for å ta i mot premie og jubel for innsats i faget entreprenørskap og bedriftsutvikling.

+ No går turen til NM i Lillestrøm for gjengen ved Bømlo vgs som har laga kokeboka «Nåke Godt» for studentar.

Ingvild Sjo

Over 70 elevbedrifter var stilte ut under fylkesmessa ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen onsdag. Av desse var sju frå Bømlo, og av desse var det ungdomsbedrifta Piffi UB som tok heim gjeve prisar, gåvesjekkar og gullbillett til NM-finale. Den glade gjengen frå Bømlo vgs fekk løn for strev.

– Me er veldig stolte, seier Sunniva Sønstabø Hellebø som er dagleg leiar i Piffi UB. Dei synest dei har fått eit bra resultat, noko dommarane var samde i. Dei fekk desse prisane:

1.-plass Beste samarbeid med næringslivet.

2.-plass Beste ungdomsbedrift.

2.-plass Beste sosiale entreprenør.

3.-plass Beste forretningsplan.

3.-plass Bærekraftprisen.

Til saman 4.500 kroner vann dei, pluss gratis tur til NM 26. - 27. april. Dommarane sa dette om Piffi UB: «Bedriften har en tydelig målgruppe og løser et reelt problem. Retter seg mot et marked som vil ha stor nytte av dette produktet. Senker bekymringer hos mange, og er bærekraftig, spesielt på matsvinn. Gründerne har demonstrert god økonomiforståelse og har en godt utviklet forretningsplan. De har gjort gode prosesser, arbeidet godt og sitter igjen med et godt sluttresultat».

Beste ungdomsbedrift i år vart Russehuset UB frå Os som sel rimelege russeklede.

Ein sunn porsjon

«Nåke Godt» er spiralinnbunden med strikk rundt slik at du kan leggja inn eigne oppskrifter, kvitteringar eller anna. Det er flotte foto av mat, og oppskriftene er enkle og sunne. Målet er lågt svinn, du kan laga fleire rettar av same ingrediensane, og oppskriftene passar til ein person.Til no er opplaget 300 eksemplar, og boka vert selt på Facebook.

– Har de laga heile boka sjølv?

– Ja, me har laga alt, og trykkinga er gjort i Haugesund, seier Sønstabø.

Årets lærar

Som ei ekstra overrasking blei lærar Inger Anita Urang Rolfsnes frå Bømlo vgs kalla opp på scenen for å få premie. Ho er kåra til Årets Entreprenørskapslærar i Hordaland, og underviser i entreprenørskap og bedriftsutvikling ved Bømlo vgs. Eit arbeid ho stortrivest med.

– Det er eit spennande fag på alle måtar. Det gjer at ungdom får utvikla seg, og at dei ser samanhangen mellom innsats og resultat, og det skapar meistring, seier ho og legg til at det er mykje å læra også for dei som ikkje vann pris i år, for no veit dei betre kva som trengst og kan setja inn innsats deretter og delta neste år.

ingvild@bomlo-nytt.no





Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.