annonse

Plasten blir resirkulert i Tyskland

Ikkje så langt
Ikkje så langt: Kommunikasjonssjef i Grønt punkt Norge, Kari-Lill Ljøstad synest ikkje det er langt til Tyskland når ærendet er godt. Pressefoto. (Foto: )

No er me i gang. Me skal skylja, tørka og kasta den evinnelege plasten i ein plastsekk og senda han dit ... ja, til Tyskland.

Ingvild Sjo

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk har inngått kontrakt med returselskapet Grønt Punkt Norge, som har ansvar for å henta og sikra gjenvinning av plast og kartong me møysameleg har sortert og plassert i forhåpentleg rett dunk og forhåpentleg hugsa å setja ut i vegen til rett tid. Nye bilar med doble kammer og doble luker blenkjer mot oss, og blide sjåførar helsar. Meldingar plingar inn på appen vår på mobiltelefonen med hyggjeleg melding om at i morgon er det plast og papir. Hugs boset! Me går mot ein ny vår, og denne våren skal vera grønare enn nokon gong i Bømlo. I alle fall når det gjeld plast.

Til Tyskland?

Men det rykkjer litt i miljøbarten når ein får vita at den tomme ketchupflaska skal sendast heilt til Tyskland for gjenvinning.

Kari-Lill Ljøstad er kommunikasjonssjef i Grønt Punkt Norge og synest ikkje det er så langt når ærendet er godt. Det er nemleg der det finst ein marknad for den resirkulerte plasten. Det er der ny produksjon går føre seg, og det er der ketchupflaska får eit nytt liv, som søppelbøtte, plastpose, snøskuffe, leidningsrøyr, ja, alt mogeleg.

Ljøstad fortel at om lag 75 prosent av plasten som blir samla inn blir til nye produkt. Det er Grønt Punkt Norge godt nøgde med, men det er viktig at me som sorterer plasten gjer det på rett måte, at det blir minst mogeleg restavfall og mest mogeleg plast til gjenvinning om bord i bilane som skal sendast ut av landet.

Meir inn enn ut

Tre store sorteringsanlegg i Nord-Tyskland tek imot det meste av returplast Noreg har, og transporten går med semitrailer, og med tog. Det er ein ubalanse i transporten mellom Noreg og kontinentet. Det går meir inn i Noreg enn ut, det vil seia det er ledig lastekapasitet på veg ut.

– Difor er mykje av denne transporten returtransport, forklarar Ljøstad. Transport av plast endar opp med å bli 8–10 prosent av den totale miljørekneskapen, og det er Grønt Punkt Norge nøgde med. I tillegg er returplast som ei råvare å rekna, og denne er i stor mon kommen frå utlandet ein gong. Difor er det som ein naturleg retur når ketchupflaska kjem heim att til dei landa som har større produksjon av plastprodukt enn me har, for å snu og gjera vendereis heim att til kjøkenbordet ditt som ... tja. Yoghurtbeger? Då gjeld det å skylja, tørka og kasta yoghurtbegeret i plastsekken og få det ut i vegen på rett dag og av garde med neste semitrailer til kontinentet.

Nesten alle er med

I Noreg er det Grønt Punkt Norge som tek hand om all returplast, med unnatak av ROAF i Lillestrøm. Romerike Avfallsforedling IKS har bygd eitt av dei mest avanserte ettersorteringsanlegga i Nord-Europa, og til neste år opnar IVAR, renovasjonssystemet i Stavanger og Nord-Jæren nytt sorteringsanlegg som tek ut plast av restavfall.

– Er det ikkje betre å levera returplast til desse anlegga i Noreg?

– Det er veldig fint at kommunane ønskjer å sortera sjølv, og det må dei gjerne gjera, og me er samarbeidspartnar med desse òg. Men vårt retursystem er bygd opp slik at me fraktar råvara usortert dit etterspurnaden er, og denne marknaden er ikkje i Noreg, den ligg i Europa, i alle fall førebels, seier kommunikasjonssjefen i Grønt Punkt Norge, Kari-Lill Ljøstad.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.