Bømlo-Nytt

Nyhende

Politiet åtvarer mot «travellers»

Politiet åtvarer mot «travellers»

Pågåande, omreisande britiske arbeidarar er no i sving i politidistriktet. Politiet åtvarer mot kontakt.

To britiske statsborgarar blei i går pågripne i Stavanger, og dei sit no i arresten. Politiet har også kontroll på to køyretøy, heiter det i ei pressemelding sendt ut frå Sør-Vest politidistrikt.

– Me meiner at dette er omreisande britiske arbeidarar, såkalla travellers. Politiet sit med informasjon som tyder på at andre personar frå same miljøet framleis er i vårt politidistrikt, opplyser fungerande leiar Kjetil Solhaug for Felles eining for utlending og forvaltning i politidistriktet.

Av pressemeldinga går det fram at det dei siste dagane har komme fleire meldingar frå privatpersonar som har blitt tilbode tenester av denne gruppa. Framgangsmåten er at dei oppsøkjer folk ved å ringa på døra og tilby diverse vaktmeistertenester. Dette kan til dømes vera tilbod om vask av gardsrom eller hus. Dei har gjerne med seg eigen høgtrykkspylar og kompressor.

Av erfaring er desse gruppene ofte relatert til anna kriminalitet, heiter det i pressemeldinga. Personane er ofte pågåande, og eldre personar bør vera ekstra merksame. Dersom ein får tilbod om slike tenester, avslå tilbodet og kontakt politiet på telefon 02800. Noter også registreringsnummer på køyretøy, er rådet frå politiet.