annonse

Politiet går ut med etterlysning av sakna stordabu

SAKNA
SAKNA: Tom Fagerland reiste frå Kalvåg om bord i treskøyta «Fram». (Foto: POLITIET)
KOM IKKJE FRAM
KOM IKKJE FRAM: Tom Fagerland (58) er sakna etter han ikkje kom fram til Leirvik som venta. (Foto: POLITIET)

Har du sett Tom Fagerland? undrar politiet.

Nils-Tore Sele

Politiet etterlyser no Tom Fagerland som er busett på Stord. Han vart sist sett 2. november rundt klokka 09 på morgonen. Då reiste han frå Kalvåg utanfor Florø i ei 33 fot trefarga skøyte. Han skulle tilbake til Leirvik på Stord, og siste, sikre observasjon av skøyta er frå same dag rundt klokka 15 i Granesundet - mellom Prestøy og Atløy.

Det står «Fram» på styrhuset til skøyta, som har ein 4 sylindar dieselmotor på 50 hestekrefter om bord.

Politiet opplyser at Fagerland er 58 år, ca. 178 centimeter høg, har blå auge og raudt hår som dekkjer øyrene. Han har fleire tatoveringar på overkroppen, armane og hendene. Han hadde på seg sixpence, fleirfarga skjorte, mørk jakke og svart dongeribukse då han reiste frå Kalvåg med treskøyta.

Tips i saka kan ringjast inn til politiet på telefon 02800.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.