annonse

Politiet har frigjeve namnet

Tragisk ulukke
Tragisk ulukke: Trafikkulukka skjedde her i Rubbestadneset sentrum (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Det var 54 år gamle Mari Nelly Haugland Wilhelmsen som omkom i den tragiske trafikkulukka i Rubbestadneset torsdag.

Håvard Hammarstrøm

Dette melder Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag ettermiddag. Wilhelmsen hadde bustadadresse i Rubbestadneset. Ulukka skjedde like etter klokka 1730 torsdag kveld. Ein einsleg bil hadde køyrt ut av vegen, igjennom ein støyskjerm og ut på eit grøntområde i Rubbestadneset sentrum. Vitne ringde til naudsentralen, og ambulansepersonell og brannmannskap var først på plassen. Det vart gitt livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde. Stord lensmannskontor etterforskar ulukka, og ulukkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden for å gjennomføre undersøkingar.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.