annonse

Politiet ønskjer tips

Nyttig utstyr
Nyttig utstyr: Politiet er på staden og gjennomfører sine undersøkingar. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Båtar i brann
Båtar i brann: Det var ikkje mykje Bømlo brann og redning kunne gjere for å berge båtane som brann. Brannmannskapa tok til med sløkking og konsentrerte seg om å hindre at brannen fekk spreie seg til fleire båtar, kai, bygning og terreng på land. (Foto: Bømlo brann og redning)

Politiet har ikkje grunn til å tru at brannen i båthamna i Klenevågen var påtent, men ber likevel eventuelle vitne om å ta kontakt.

Håvard Hammarstrøm

Det seier operasjonsleiar Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt til Bømlo-nytt. Han seier status i 09-tida er at politiet framleis er på staden og gjer undersøkingar.

– Det skal vere totalt ni båtar som er råka av brannen. Av desse har sju gått ned, medan ytterlegare to er skadde. Brannen vart meld til oss av brannvesenet klokka 0530, og det kom melding om at brannen var sløkt rett før klokka seks. Det har nok brent ein stund før brannen vart oppdaga og meld av varslar, seier Jensen. Førebels kan ikkje politiet seie noko om årsaka til brannen. Dette er no under etterforsking (teksten held fram under biletet)

Båtar i brann
Båtar i brann: Det var ikkje mykje Bømlo brann og redning kunne gjere for å berge båtane som brann. Brannmannskapa tok til med sløkking og konsentrerte seg om å hindre at brannen fekk spreie seg til fleire båtar, kai, bygning og terreng på land. Foto: Bømlo brann og redning

– Ingenting tyder så langt på at det er ytre påverknad som har vore årsak til brannen, eller at denne var påtent. Me ønskjer likevel å komme i kontakt med eventuelle vitne utover varslar. Me har altså ein patrulje på staden, det blir nok også aktuelt å kople inn krimteknisk for å utføre ytterlegare undersøkingar, legg operasjonsleiaren til.

Når det gjeld eventuell berging og heving av båtane seier Jensen at dette blir ei sak mellom båteigar og forsikringsselskapet. I første omgang skal altså hendinga etterforskast av politiet.

– Det blir Stord lensmannskontor som vil følgje opp denne saka vidare.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.