annonse

Politiet vil ha tips om båteigar

Hjelp
Hjelp: Denne båten har stø kurs mot botn. (Foto: Privat.)
Norsk
Norsk: Båten er av typen Draco, som er ein norskprodusert båt. (Foto: )

Via Twitter la Politiet ut bilete av denne fritidsbåten av typen Draco, som har behov for naudhjelp ved kaien på Skogbu ved Røyksundkanalen.

  • Stine R. Rørvik

Alt 03 september la eit medlem av gruppa Draco Fan Club ut bilete av båten på Facebook. Tilbakemeldingane lét ikkje venta på seg.

Norsk båt

– Tragisk. Denne er jo verneverdig, skrive eit medlem av gruppa.

Ein annan skrive;

– Ein mega sjeldan Draco.

Draco er ein motorbåtprodusent og varemerke som vart etablert av flekkefjæringen Kåre Drangsholt, i 1963. Draco Boats gjekk konkurs i 1992, men 2014 blei ein ny linje med Draco-båtar lansert, designa av briten Ed Dubois.

Mange av dei gamle Draco-båtane er framleis i bruk, og er ikkje uvanleg å sjå blant fritidsbåtane i norske farvatn. Draco er ein produsent som tidleg forstod nytteverdien av glasfiber, og dei høva glasfiber gjev for utforming av

Veit du kven som eig båten, vil politiet gjerne ha tips om det.

stine@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.