annonse

Prosjekterer stort forskingssenter

Slik er fasaden på det nye forskings- og utviklingssenteret i Rubbestadneset tenkt utforma. ILL
STORE GLASFLATER: UNITECH/MULTICONSULT (Foto: )

Det nye nasjonale katapultsenteret i Rubbestadneset vert prosjektert frå Stord.

Nils-Tore Sele

Multiconsult frå Stord er dei har fått kontrakten på prosjekteringa av det store forskings- og utviklingssenteret som Unitech vil byggja i Rubbestadneset.

Det planlagde senteret på Rubbestadneset skal gjera teknologi frå havnæringane tilgjengelege for fleire bransjar, og leggja til rette for raskare industriell vekst gjennom effektiv testing og simulering av ny teknologi og nye løysingar.

Senteret fekk i sommar status som eit nasjonalt katapultsenter av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Den offisielle tittelen er Sustainable Maritime Norwegian Catapult Centre.

– For Multiconsult på Stord er dette eit strategisk viktig oppdrag. Det er ei stor utbygging, ambisjonane er høge og det gir høve for kunnskapsoverføring, fortel avdelingsleiar Erlend Kent i Multiconsult på Stord i ein kommentar.

– Me har lang erfaring med industribygging for oppdrettsbransjen, og her får me høve til å bruka kompetansen og erfaringa vår i eit framtidsretta prosjekt som er viktig for Noreg som kunnskapsnasjon, miljøet og næringslivet, seier Kent i ei pressemelding om kontrakten.

– Senteret vert plassert i det kompetansemessige tyngdepunktet innan offshore, subsea, fiskeri og havbruk, seier prosjektleiar i Unitech, Gunnar Birkeland.

Planlagt byggestart for teknologisenteret er alt denne hausten 2018, med ferdigstilling første kvartal 2020.

Birkeland seier i pressemeldinga at teknologisenteret no er i prosjekteringsfasen. Planlagt byggjestart er hausten 2018 med ferdiggjering første kvartal 2020.

Totalentreprenør for teknologisenteret er Constructa Entreprenør AS. Multiconsult har, som rådgjevande ingeniør, bidrege i fleire fag i forprosjekteringa med prosjektering innan bygg, elektro, VVS, vatn og avløp, veg, akustikk, bygningsfysikk, geoteknikk, brann og sikring.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.