annonse

Rasert «barnehage»

På halv åtte
På halv åtte: Ein av plantekarmane i «barnehagen» ved bankbygget på Svortland var blitt røska av i helga og plassert på halv åtte. Både barna sine hagar, og alle andre ting som står ute for å gjera det triveleg for oss, bør få stå i fred for virkelystne. (Foto: )

Den eine av to «barnehagar» vart ramponert i helga.

Søndag føremiddag såg det slik ut ved den eine av dei to «barnehagane» utanfor bankbygget på Svortland. «Nokon» hadde rett og slett fjerna den øvste plantekarmen slik at jorda rann ut på plassen.

Heldigvis har me ein flink kar, Ali Nawab, som ryddar sentrum for oss og etter oss kvar dag, og som sette plantekarmen i «barnehagen» på plass att i dag tidleg.

Barna sine hagar vart sette ut i samband med Folk på Bømlo-dagen i slutten av mai, og ungar frå barnahegar i heile kommunen har planta i sine hagar. Dei har vatna og sett til at blomstrane har trivdest. I ferien er det kommunen sine folk som har teke over vatningsansvaret.

| Randi Olsen

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.