Bømlo-Nytt

Nyhende

Reisebrev frå Uganda

Reisebrev frå Uganda

Eg heiter Emma Rolfsnes Sele, er 20 år og er for tida i Kasese i Uganda, der eg jobbar frivillig på ein barne- og ungdomsskule i lag med kjærasten min Simon og veninna vår Aurora.

Heisann Bømlo-Nytt!

Eg hugsar godt første kvelden, då me kom til hovudstaden Kampala, tidleg i september. Me hadde flydd veldig lenge, og var rimelig slitne og svoltne då me landa på flyplassen. Førsteinntrykket av hotellet me skulle bu på nokre netter var… spanandes. Hotellet låg i fjerde etasje, og i etasjane under var det butikkar og masse skrot over alt. Dei på hotellet laga mat til oss, og medan me sette oss ned så pilte det ei kvit mus over golvet. Som om ikkje det var nok, så fann Simon ei bille i teen sin! Det vart ikkje betre av at rommet vårt yrte av kakerlakkar. Dette var byrjinga på Afrika-eventyret vårt, og alt eg ville var å setje meg på første fly heim.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - Reisebrev Emma Sele (20) har budd og jobba i Kasese i Uganda dei siste månadene. Ho reiste ned saman med kjærasten Simon Holmen Egenes (20) og veninna Aurora Amalie Heimdal (20). Her er eit lite reisebrev frå opplevingane. Alle

Reisebrev: Emma Sele (20) har budd og jobba i Kasese i Uganda dei siste månadene. Ho reiste ned saman med kjærasten Simon Holmen Egenes (20) og veninna Aurora Amalie Heimdal (20). Her er eit lite reisebrev frå opplevingane. AlleFoto: Privat

Alt gjekk heldigvis rette vegen etter det. No sit me her, to månader seinare, og det er berre nokre veker til me reiser heim igjen. Til no har eg og Aurora hatt seksualundervisning, teaterundervisning, gitt ut gjenbrukbare bind som me samla inn pengar til i sommar, og har samla inn meir for å kjøpe nye senger, ny do og madrasser til nokre barneheimar. Simon jobbar med fotballklubben her nede, og har allereie samla inn ein god del til å kjøpe fotballer.

Samtidig så kjennest det ut som om eg ikkje gjer noko forskjell. Det føles banalt å spele teater med borna, når eg veit at det er mange som ikkje har nok mat eller som får gå på skule. Dei me møter i kvardagen vår, på skulen og i Kasese Town, er dei heldigaste.

Se dette bildet i full størrelse
 - Fjelllandsby Mange bur isolerte i avsidesliggjande fjellandsbyar.

Fjelllandsby: Mange bur isolerte i avsidesliggjande fjellandsbyar.

Dei har råd til å bu i nærleiken av byen, eller kjem frå familiar med råd til å sende borna på privatskule. Den offentlege skulen har store økonomiske problem, så det er ikkje alltid aktuelt å sende borna sine dit. I teorien skal skulen vere gratis, men det er framleis mykje foreldra må betale for i den offentlege skulen, som uniform, bøker og slike ting.

Dei som treng mest hjelp, bur i små landsbyar, for eksempel langt opp i fjella.

Fjellkjeda ved Kasese heiter Mount Rwenzori, og i og rundt den bur det 15 millionar menneske! På grunn av klimaet kan ein dyrke ting ganske langt opp i høgda, og i store delar av fjellet bur det folk. Når ein bur så usentralt, så kan det vere veldig langt til næraste sjukehus, skule eller butikk. Moderne utvikling har ikkje nådd alle like raskt, så det er framleis mange som driv med byttehandel i desse områda, og slit difor med å gå over til å tene pengar, slik at dei kan betale f. eks borna sin skulegong.

Se dette bildet i full størrelse
 - Hygieneartiklar Mange jenter går ikkje på skulen når dei har mensen. Emma samla inn pengar før ho reiste til å kjøpa bind til jentene slik at dei slapp å vera borte frå underisninga. Også andre hygieneartiklar er mangevare, noko som kan  føra til infeksjonar og sjukdomar.

Hygieneartiklar: Mange jenter går ikkje på skulen når dei har mensen. Emma samla inn pengar før ho reiste til å kjøpa bind til jentene slik at dei slapp å vera borte frå underisninga. Også andre hygieneartiklar er mangevare, noko som kan føra til infeksjonar og sjukdomar.

Sidan det er så få frå desse områda som går på skule, er mange av dei lite opplyste. Eitt av problema i desse områda er at jentene brukar uhygieniske ting som bind, som blad og gammalt tøy. Dette kan føre til diverse infeksjonar. Mange har ikkje råd til å kjøpe såpe, så sjukdommar spreier seg lett. I nokre område så trur folk at seksuelt smittsame sjukdommar er ein slags forbannelse for heile familien til den sjuke, som gjer at ingen vil gifte seg inn i den. Dette fører til skam om ein blir sjuk, og gjer at dei lar vere å søkje medisinsk hjelp.

Dei største problema i landet, ifølge Norad, er lite produktivt jordbruk, svakt styresett, omfattande korrupsjon, høg arbeidsløyse og flyktningskrise. Over ein tredjedel av innbyggjarane i landet er fattige, og det hjelper ikkje at ugandiske kvinner får i gjennomsnitt 6 born.

Det er så vondt å sjå alt dette rundt seg - born som rek rundt i byen i skuletida, ein mann utan bein som må ty til å tigge på gata, ein trettenåring i fjellet som ber på babyen sin. Å vite at dette ikkje er noko ein kan gjere noko med akkurat no.

Se dette bildet i full størrelse
 - I dansen Lokale dansarar.

I dansen: Lokale dansarar.

Er det noko eg har lært meg dei siste månadane, så er det å setje pris på det ein har. Eg set pris på at me har pålitelig tilgong til straum. Eg set pris på et eg får gratis skulegong. Eg set pris på at homofile har retten til å gifte seg i landet mitt. Eg set pris på at alle har rett til støtte om noko hindrar dei i å jobbe. Eg set pris på velfungerande, offentlege sjukehus. Eg set pris på at religionen min ikkje har noko å seie når eg søkjer jobb. Eg set pris på at eg har råd til alt eg treng. Eg set pris på at landet mitt sender bistand til Uganda, og andre land som sårt treng det.

Se dette bildet i full størrelse
 - Med glade barn Emma Sele saman med ein gjeng glade barn.

Med glade barn: Emma Sele saman med ein gjeng glade barn.

Og eg set pris på alle som har hjelpt oss med arbeidet vårt. Sjølv om det ikkje kjennest ut som noko stort, så bidrar binda til at familien til jenta sparar ein del, og kan bruke pengar på noko anna viktig. Det har garantert at i alle fall nokon av dei ikkje droppar ut av skulen. Og det er rørande å tenkje på.

Se dette bildet i full størrelse
 - Kart Google Maps

Kart: Google Maps

Om litt over to veker reiser me heim igjen. Sjølv om det er vemodig, så kjem det til å bli skikkelig deilig å komme heim til null mygg, kulde, advent og knekkebrød med kvitost. Og med meg har eg eit lite tips: om du skal handle julegåve til nokon som har alt - kanskje gi noko til dei som ikkje har så mykje i staden? Eg vert alltid glad for bistandsgåver, og det trur eg mange andre blir og.