annonse

Rekneskapspluss for fylkeskommunen

: Trass pluss i rekneskapen, er det framleis krevande å drifta Hordaland fylkeskommune. Ill. (Foto: Randi Olsen)

- Større skatteinngang enn budsjettert, kombinert med stram og god økonomistyring i organisasjonen, gjev Hordaland fylkeskommune ein gledeleg rekneskapspluss for 2016, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Rekneskapen kjem ut med overskot på 137 mill. kr. Skatt og rammetilskot vart 97 mill. kr høgare enn budsjettert. Eit nytt år med stor auke i passasjertala for buss og bybane, gav større inntekter enn venta. Samstundes vart drivstoffkostnadene lågare enn føresett, slik at samferdsel samla kom betre ut enn budsjettert, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

- Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon. Høg og framleis veksande lånegjeld kombinert med for svake driftsresultat gjennom fleire år, gjer at det må prioriterast grundig i aktivitetar og tenestetilbod dei komande åra, påpeikar fylkesrådmannen.

- Mellom anna vil nye ferjekontraktar som inkluderer fornying av ferjeflåten med miljøvenlege ferjer, verta ei vesentleg utfordring framover, seier han.

- God økonomistyring må ha høg prioritet, og vi må halda fram med å arbeida målretta for å betra drifta vår og dei tenestene vi leverer. Eg vil gje honnør til alle einingane og medarbeidarane for det vi har oppnådd, men det er framleis behov for stor innsats i tida som kjem, seier fylkesrådmann Haugsdal.

Hordaland fylkeskommune har gjennom mange år investert tungt i nye, moderne skulebygg, tannklinikkar og infrastruktur. Det har resultert i høg lånegjeld som no er på om lag 10 mrd. kr, ein auke på 950 mill. kr siste året.

Totale driftsutgifter i Hordaland fylkeskommune i 2016 var 7.731 mill. kr, og til renter og avdrag på lån vart det brukt 626 mill. kr. Det vart gjort investeringar for vel 3,3 mrd. kr.

Det største tenesteområdet er opplæring med driftskostnader på 3.244 mill. kr i 2016. Samferdselssektoren følgjer hakk i hel med kostnader på 2.931 mill. kr, slik at desse to sektorane til saman står for 80 prosent av fylkeskommunen si drift, heiter det til slutt i meldinga.


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.