annonse

Russen knuste alle rekordar

— Folk venta på oss
— Folk venta på oss: Åse Teige, Ellinor Aga Sandnes og Elisabeth Teige Åse gjekk med bøsser i Rubbestadneset og blei tatt veldig godt i mot av folk. Heilt til venstre Karina Kallevåg og Wilhelm Anthun. (Foto: )

– Me samla inn 253.000 kroner, det er jo heilt vanvitig! seier leiar Wilhelm Anthun om innsamlinga til Kreft- aksjonen søndag ettermiddag.

  • | Ingvild Sjo

Over 100 bøsseberarar var i aksjon mellom klokka 15 og 18 på søndag, og i tillegg gjekk det an å senda pengar på Vipps.

Klokka 20 var dei i gang med å telja, og tenkte at dei kom ikkje til å gjera det så veldig bra. Dei var spente på om dei kom over 200.000 kroner. Etter kvart som dungane med setlar auka, skjønna dei at dei kom til å nå 200.000.

Men så kom dei på, at dei hadde jo Vipps òg.

– Då me sjekka, såg me at me hadde fått inn 41.000 kroner på Vipps. Då fekk eg gåsehud, seier Anthun om det fantastiske resultatet.

Jobbar godt saman

Av dei over 100 bøsseberarane var dei fleste elevar ved Bømlo vidaregåande skule, men òg andre var med og gjekk.

– Det ringde folk og spurde om dei kunne få vera med og gå, og det sa me sjølvsagt ja til, seier Anthun.

Snart skuleløp

I veka som kjem arrangerer Løp for livet eit sportsløp i gymmen, og då gjeld det å finna ein sponsor som vil betala per runde.

Neste jobb for Løp for livet etter det, er skuleløpet som vert arrangert den 10. april. Dette er eit høgdepunkt, og då er alle ungdomsskulane inviterte til Bømlohallen, og elevane skal springa rundt Storavatnet. Anthun fortel at dei jobbar med eit løp til der dei opnar opp for at alle kan delta, men dette er i planleggingsfasen enno.

– Korleis går det med skulearbeidet når du jobbar så mykje med Løp for livet?

– Me er ei ganske stor gruppe som arbeider med dette, ikkje berre eg. Eg har ikkje vore med på alt, for me er mange som deler på dette, seier Wilhelm Anthun og legg til at det er viktig at alle kjem seg i mål med skulearbeidet og ikkje blir utbrent eller endar opp utan karakter.

– Me passar på det, forsikrar han.

Kreftforeningen er mållaus

Aksjonsleiar Lena Teigland i Kreftforeningen fortel at dei er mållause over resultatet i år.

– Dette betyr utruleg mykje! All ære til dei som organiserer og til dei som støttar saka, seier ho. Bømlo Vidaregåande skule blir det snakka mykje om i kreftforeningen.

– Dei leverer fantastisk resultat år etter år, eg trur dei har vore på topp på landsbasis i ti år no, og det som er mest imponerande er at dei har fleire arrangement ut over heile året, og likevel får dei inn slike flotte summar på bøssene. Me er kjempeimponerte, seier Teigland.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.