annonse

Ryddar opp på Lykling

RYDDAR OPP
RYDDAR OPP: Traileren er vekke og oppryddingsarbeid gjekk føre seg i 20-tida torsdag kveld på ulukkestaden nord for Lykling kyrkje. (Foto: NILS-TORE SELE)

Vegen ved Lykling er no i praksis open. Ulukkestraileren forlet staden i 20-tida. I tida etter vert det rydda på staden.

Nils-Tore Sele

Rundt klokka 20 i kveld, kunne traileren som i går ettermiddag køyrde seg fast på fv 541 like nord for Lykling kyrkje, køyra vidare for eigen maskin. Bergingsmannskapa brukte to timar på arbeidet med å få bilen på vegen, etter at dei hadde brukt resten av ettermiddagen på å tøma han for laks, som eit anna vogntog frå same transportør frakta vekk.

På ulukkesstaden vart det rydda opp. Mellom anna var vedlikehaldsbil frå NCC på plass for å asfaltlappa dei store hola som kom i vegen frå bergingsforsøket av vogntoget natt til torsdag.

Då Bømlo-nytt forlet staden klokka 20.20,  gjekk litt avsluttande oppryddingsarbeid føre seg. Trafikk i sørgåande retning vart sleppt forbi.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.